Fritidskontakt/støttekontakt

Fritidskontakt/støttekontakt eller treningskompis kan vere ein måte å gje personleg assistanse til deltaking i fritidsaktivitetar.  Formålet med ein slik kontaktperson er å hjelpe den enkelte til ei meiningsfull fritid og samvær med andre.

Korleis søkje om fritidskontakt/støttekontakt?

Søk om fritidskontakt/støttekontakt

Du treng BankID for å søkje om tenesta digitalt.  Om du ikkje har BankID, ta kontakt for å få tilsendt papirskjema.

Kven kan få fritidskontakt/støttekontakt?

Du kan søkje om å få fritidskontakt/støttekontakt dersom du treng hjelp til å få ei aktiv fritid eller å komme ut av isolasjon.  Du og din kontakt møtest til dømes heime, går på kafe, kino, trenar eller gjer andre aktivitetar saman.  Det er dine interesser og behov som avgjer aktivitetane.

Målgruppe

Søkjarar med psykiske, sosiale og/eller fysiske funksjonsnedsettingar - som vanskeleggjer deltaking i fritidsaktivitetar.

Kriteria/vilkår

Kommunen si koordinerande eining vil, i samarbeid med deg (eller dine foresatte), bestemme om du skal få fritidskontakt/støttekontakt eller eventuelt andre tenester.  Det er ditt eller familien din sitt behov som er avgjerande.

Pris

Å ha fritidskontakt/støttekontakt er gratis.  Du skal ikkje betale for utgifter til kontaktpersonen, vedkomande vil få godtgjersle og utgiftsdekning frå kommunen

Nyttige lenkjer 

Grenselaus fritid - Om å inkludere barn og unge med funksjonsnedsettingar i fritidsaktivitetar

Fritid for alle.no

Helsenorge.no - Om støttekontakt

 

 

Hilde Merethe Håvåg
Fagleiar omsorgstenestene
E-post
Telefon 57 78 96 09
Mobil 40 41 47 61