Omsorgsstønad

Ordninga med omsorgsløn skal bidra til best mogleg omsorg for dei som treng hjelp i dagleglivet og å gjere det mogleg for private omsorgsytarar å halde fram med omsorgsarbeidet.

Kven kan søkje?

  • Personar som har omfattande eller tyngande omsorgsarbeid av varig karakter.
  • Foreldre med born under 18 år der omsorgsarbeidet går ut over normal omsorgsplikt.
  • Den som søkjer om omsorgsløn har søkt om hjelpestønad.
  • Den omsorgstrengande er heilt avhengig av hjelp for å klare dagleglivets gjeremål.

Omsorgsløn kan kombinerast med andre kommunale tenester.  Ingen har rettskrav på omsorgsløn, og tiltaket vert vurdert opp mot andre tenestetilbod og det totale omsorgsbehovet i kommunen.

Korleis søkje?

Her finn du søknadsskjema for omsorgsløn

Om du ynskjer å få tilsendt søknadsskjema på papir, ta kontakt med Hyllestad omsorgssenter på telefon 57 78 96 00.

Kontakt

 

Søknadskjema sender du til:

Hyllestad Omsorgssenter

Åfjordvegen 903

6958 Sørbøvåg