Hjelpemiddel

Hyllestad kommune tilbyr enkle hjelpemiddel som vert lånt ut til innbyggjarar og besøkande etter behov.  

Kva treng du hjelp til?

Vi tilbyr utlån av hjelpemiddel, både for kortare og lengre periodar.  Fysio- eller ergoterapeuten vil gje deg hjelp og rettleiing om du har trong for hjelpemiddel.

Korttidslån

Dette er lån av hjelpemiddel som:

  • Krykker
  • Toalettstol
  • Badekarbrett med meir

Heimetenesta har eit lite lager av slike hjelpemiddel for utlån, og vanleg utlånstid er tre månader, med mindre noko anna vert avtalt.

Langtidslån

Har du behov for:

  • Hev-/senkbar seng
  • Tilpassa bil
  • Heis
  • Døropnar eller liknande

For å finne det rette hjelpemiddelet vil fysioterapeuten eller ergoterapeuten hjelpe deg med å finne ut kva hjelpemiddel du treng og hjelpe deg med ein søknad til NAV Hjelpemiddelsentral i Førde.  Aktuelt utstyr vil kommunen vidareformidle og ha oppfølging på.

Høyrselskontaktar

Kommunen har eigne høyrselskontaktar som kan hjelpe deg med rettleiing, justering og vedlikehald av høyreapparat.

Spørsmål om hjelpemiddel?

Alle henvendingar som gjeld desse hjelpemidla rettast til heimesjukepleien eller omsorgskontoret, på telefon 57789600.

Hilde Merethe Håvåg
Fagleiar omsorgstenestene
E-post
Telefon 57 78 96 09
Mobil 40 41 47 61