Ergoterapi i heimen

Ein ergoterapeut kjem inn når det oppstår eit gap mellom ein person si helse og krava i kvardagen. Ergoterapi skal bidra til at ein fungerer så godt som mogleg i samfunnet, til tross for ei funksjonsnedsetting. 

Ergoterapeuten kan bistå med

  • Trening i daglege gjeremål.
  • Førebygging av fall.
  • Formidling og tilpassing av tekniske hjelpemiddel.
  • Kartlegging, vurdering og opptrening av funksjonsnivå.
  • Velferdsteknologi.
  • Universell utforming/tilrettelegging av fysiske omgjevnader.
  • Rettleiing, opplæring, informasjon og undervisning.
  • Individuell og/eller gruppetrening.
  • Samarbeid med andre tenester, som til dømes: helsestasjonen, sjukehuset, skulen og barnehagen.

Kven kan bruke ergoterapeut?

Alle mennesker, uansett alder kan få ergoterapi når ein kjenner at ein ikkje lenger kan meistre eigen kvardag.  Det å fremje helse gjennom aktivitet står sentralt i ergoterapi. Ergoterapeuten arbeider både førebyggande, helsefremmande, behandlande, rehabiliterande og habiliterande.

Andre ting du kan spørre ergoterapeuten om

Amalie Ness
Ergoterapeut
Telefon 47 87 65 44
Linn Christin Fløholm
Einingsleiar omsorg
Telefon 57 78 96 05