Brukarstyrt personleg assistent

Brukarstyrt personleg assistent er ei ordning for personar med ulike former for funksjonsnedsettingar, som har behov for hjelp i kvardagen.

Kven kan søkje?

Dersom du har ei form for funksjonsnedsetting og har behov for bistand i kvardagen, kan du søke om brukarstyrt personleg assistent (BPA). Din assistent si arbeidsbeskriving formast utifrå dine behov slik at nettopp du får den hjelpa du treng for å leve eit godt liv - i og utanfor heimen.

Døme på kva ein BPA kan hjelpe deg med:

  • Praktiske gjeremål i heimen – husarbeid, matlaging, og liknande.
  • Bistå med ivaretaking av eigenpleie og forflytning.
  • Gjeremål utanfor heimen – handel og innkjøp, delta i sosiale lag, samt legge til rette for at du kan delta.
  • Aktiv samfunnsdeltaking – Delta og legge til rette for ein aktiv skule og jobbkvardag. 
  • Deltaking i fritidsaktivitetar, og liknande
     

Korleis søke om BPA?

Her kan du søke om brukarstyrt personleg assistent

 

Her kan du lese om kva Helsedirektoratet skriv om BPA

Her kan du lese om lovverk som gjeld for BPA

Arny Anny Høydal
Avdelingsleiar miljøtenesta
E-post
Telefon 57 78 96 00
Mobil 90 83 63 93