Retting av bygning i matrikkel

Matrikkelen er Norges offisielle eigedomsregister. Du som eigar av ein eigedom er sjølv ansvarleg for å ivareta den informasjonen som ligg der.

Kva kan rettast?

Du kan kreve å få retta, endra eller tilføye opplysningar i matrikkelen.  Dette gjeld både eigedomsgrense og bygningsopplysningar i matrikkelen. På denne sida vil du finne informasjon om retting og endring av bygningar i matrikkelen. 

Kven kan sende inn krav om retting?

Du som part eller eigar kan sende inn krav om retting av eigedomsopplysningar i matrikkelen. Ved behov kan kommunen eller Kartverket ved eige initativ rette eigedomsopplysningar i matrikkelen.

Korleis rette feil og manglar for bygningar i matrikkelen?

Du kan krevje å få retta, endra eller tilføre opplysningar i matrikkelen som gjeld bygningar på din eigedom. Dette er aktuelt dersom opplysningane i matrikkelen er feil eller ufullstendige, eller grunnlaget for registrering er gått vekk.

Eksempel:

  • eigedomen er registrert med einebustad i matrikkelen, men består av ein tomannsbustad, eller omvendt
  • bygningstypen er registrert feil
  • arealopplysningar av bygningen er feil eller mangelfulle

 

Kommunen som lokal matrikkelmynde rettar eller avslår krav om retting ut frå dokumentasjon du sender inn. Eksempel på gyldig dokumentasjon kan vere:

  • godkjente byggeteikningar
  • tidlegare byggevedtak
  • bilete/fotografi
     

Opplysningar om kva du betaler i kommunale avgifter er ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon. Det kan også vere at nokon av endringane du ynskjer krev byggesøknad etter plan- og bygningslova.

Sende krav om retting for bygning

Du sender inn krav om retting av bygningar i matrikkelen i form av brev, som kan bli sendt til postmottak@hyllestad.kommune.no.

Klage, pris og sakshandsamingstid

Krav om retting i matrikkelen skal i utgangspunktet vere handsama innan 6 veker.  Du må rekne med lenger sakshandsamingstid dersom saken er komplisert og avhengig av betre dokumentasjon.

Kommunen si avgjerd om å rette matrikkelen eller avslå kravet er eit enkeltvedtak som du kan klage på innan 3 veker. Du sender ei skriftleg klage til kommunen dersom du er usamd. Opprettheld kommunen si avgjersle vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Retting av eigedomsinformasjon i matrikkelen er ei gebyrfri teneste.

Idar Førde Blom
Arealplanleggar
Samfunnsutvikling og teknisk drift
Telefon 57 78 95 36
Gaute Lundeland
Kommunalsjef samfunnsutvikling og teknisk drift
Samfunnsutvikling og teknisk drift
Telefon 57 78 95 29