Status på saka di

Lurer du på kven som er sakshandsamar? Vil du laste ned dokumenta knytt til byggjesaka di?

Trykk her for å gå til innsynsløysinga vår

Slik går du fram

  • Trykk inn på innsynsløysinga til kommunen
  • Skriv inn saksnummer eller gards- og bruksnummeret ditt under «Tittel»
  • Trykk på søk for å få opp saka di
  • Vel saka di ved å trykke på den aktuelle tittelen i søkjeresultatet
  • Her finn du saka med alle dokument og vedlegg
  • Dersom feltet for sakshandsamar er tomt, har ikkje saka di fått ein sakshandsamar enno


Finn du ikkje saka di?

  • Det går om lag tre dagar frå kommunen mottar dokument til dei blir tilgjengeleg i innsynsløysinga vår.
  • Du får ikkje tilgang til dokument som er unntatt offentlegheit i den opne innsynsløysinga vår. Er du part i saka, kan du likevel be om å få tilsendt dokumenta.
  • Ta kontakt med postmottak@hyllestad.kommune.no, vis til saka og be om å få innsyn i dokumenta.