Skulehelsetenesta

Alle elevar i grunnskule og vidaregåande skule har rett på skulehelseteneste. Skulehelsetenesta i Hyllestad kommune omfattar elevar i grunnskulen frå 1.-10. klasse.

Skulehelsetenesta er eit lågterskel tilbod som tilseier at det skal vere låg terskel for å ta kontakt, både for elevar, føresette og lærarar. Det kan vere problem knytt til trivsel på skulen, fråvær, mat, fysisk aktivitet, meistringsstrategiar, sinne, engstelse med meir.

Tilbodet er gratis og tilsette har teieplikt.

Helsesjukepleiar Lillian Brendsdal har faste kontordagar på Hyllestad skule kvar måndag og torsdag, du når ho på telefon 481 05 294.  

Leiande helsesjukepleiar Signe Bjorøy har kontordag på skulen kvar tysdag.
 

Signe Bjorøy
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Telefon 57 78 95 12
Mobil 45 87 81 78