Skulefritidsordning (SFO)

Skulefritidsordninga (SFO) er eit tilbod for barn i 1.–4. klasse, og for barn med særskilte behov i 5. –7. klasse før og etter skuletid, samt heile onsdag.

Slik søkjer du

Du søkjer via Visma Flyt Skule om SFO-plass.

> Søk om SFO-plass

Opningstider

SFO føl skuleåret og er ope heile året, med unnatak av romjul, påskeveka og fire veker om sommaren. 

Opningstider:

  • mandag, tirsdag, torsdag og fredag 07.00 - 08.50 og 14.35 - 16.00
  • onsdag 07.00 - 16.00

Kva kostar SFO?

Endring eller oppseiing av SFO-plassen

SFO i ferien

SFO føl skuleruta, og er stengt når det er fagdagar og SFO-ferie gjeld før ordinær oppstart om hausten, frå 1. august og til skulen byrjar, i haustferien, i vinterferien og to veker etter skuleslutt i juni.  Skulen/SFO vil gje meir informasjon når dette er aktuelt, eller du kontaktar rektor for påmelding.

OBS at det må vere fem eller fleire barn påmeldt for at det vert gitt tilbod.

Klage

Er du misnøgd med tilbodet, kan du klage til kommunen.  Forklar kva du er misnøgd med.

Ei eventuell klage sender du til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.

SFO skal legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gje barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal gjevast gode utviklingsvilkår.

SFO har base i klasserommet til 1. klasse.  SFO er leia av pedagog og fagarbeidarar.  

SFO som jonsokbrudepar - Klikk for stort bilete Hyllestad kommune
SFO-barn i leik - Klikk for stort bilete Hyllestad kommune
SFObarn ute i snøen - Klikk for stort bilete Hyllestad kommune

Lov og vedtekter som gjeld SFO

> Hyllestad kommune sine vedtekter for SFO (PDF, 495 kB)
> Opplæringslova

Kristin Eimind
Rektor Hyllestad skule og sfo
E-post
Telefon 57 78 95 53