Slik søkjer du
Du søkjer via Visma Flyt skule om SFO-plass og fritidstilbod.
> Søk om SFO-plass og fritidstilbod
Opningstider
SFO og Fritidstilbodet føl skuleruta. Det vert gitt tilbod om sommar-sfo, og i haust og vinterferie.
SFO: måndag, tysdag, torsdag og fredag: kl. 07.00 - 08.50 og 14.35 - 16.00
Fritidstilbod: onsdag: kl. 07.00 - 16.00
Kva kostar SFO og Fritidstilbod?
SFO for 4. klasse
- Halv plass, 1-7 timar per veke 1335 kroner
- Heil plass, 8-13 timar per veke 1940 kroner
SFO for 1.-3. klasse
Fritidstilbod onsdag
1.-4. klasse
- 9 timar (kl. 07.00-16.00) 1940 kroner
- 6 timar (kl. 08.30-14.30) 1335 kroner
- SFO enkeltdagar kr 220 per dag
- SFO enkelttimar kr 70 per dag
Ja.
- Det vert gitt 30 % reduksjon for barn nummer to.
Det vert gitt 50 % reduksjon for tredje barn og fleire.
Det er inga kopling mellom SFO og barnehagen når det gjeld søskenmoderasjon.
- Overtidsgebyr kr. 180,- per påbegynt halvtime.
Regjeringa er oppteken av å redusere foreldrebetalinga for familiar med låg inntekt. Ordninga sikrar at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein SFO-plass.
SFO-plass for elevar med særskilde behov i 5.-7. klasse er gratis.
Her kan du søke om lågare foreldrebetaling for SFO
Vi behandlar søknader om lågare pris gjennom heile året, men ordinær søknadsfrist er 1. juni.
- Får du søknaden om lågare pris godkjent gjeld det for eitt skuleår om gongen. Du må difor søke på nytt kvart skuleår.
- Får du søknaden om lågare pris godkjent, gjeld det frå månaden etter du har sendt søknaden.
Du har rett til å klage om du ikkje får redusert pris. Klagefristen er tre veker etter at du har fått vedtaket. Ei eventuell klage må vere skriftleg. Du sender klagen til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.
Endring eller oppseiing av SFO-plassen
SFO i ferien
- SFO føl skuleruta, og er stengt når det er fagdagar.
- SFO i ferien gjeld før ordinær oppstart om hausten frå 1. august til skulen byrjar, i haustferien, i vinterferien og i to veker etter skuleslutt i juni.
- Det må vere minst fem påmelde barn kvar dag, for at tilbodet skal vere ope.
- Det vert sendt ut skjema for påmelding i feriar gjennom Visma Flyt Skule.
Klage
Er du misnøgd med tilbodet, kan du klage til kommunen. Forklar kva du er misnøgd med.
Ei eventuell klage sender du til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.
SFO skal legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gje barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal gjevast gode utviklingsvilkår.
SFO har eigen base i kjellaren på Hyllestad skule.
Hyllestad kommune
Hyllestad kommune
Hyllestad kommune
Lov og vedtekter som gjeld SFO
Hyllestad kommune sine vedtekter for SFO
Opplæringslova