Spesialundervisning/PPT

PPT skal hjelpe barn og elevar i alderen 0-16 år med behov for særskild tilrettelegging.  Skulen og PPT har ressursmøter ein gang i månaden, her drøftar vi ulike eksempel og får råd og rettleiing.

Har du eit barn som ikkje har eller kan få utbytte av det ordinære tilbodet i barnehagen eller på skulen, kan han eller ho ha rett til særskild tilrettelegging.

Korleis får du hjelp frå PPT?

  • Ta direkte kontakt med skulen eller barnehagen til barnet ditt.
  • Barnehagen/skulen gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak.
  • Dersom tiltaka ikkje hjelper barnet ditt, tar barnehagen/skulen kontakt med PPT og ber dei om ei sakkunnig vurdering. PPT vurderer behovet for tilrettelegging/spesialundervisning, og gir råd til kva type tilbod barnet ditt bør få.  Foreldra kan òg ta direkte kontakt med PPT for råd og rettleiing.
  • Rektor eller styrar gjer vedtak om spesialundervisning/særskild tilrettelegging.
  • Barnet ditt og du som føresett må samtykke.

Tilvisingsskjema til PPT for barnehagebarn (PDF, 690 kB)

Tilvisingsskjema til PPT for skuleelevar (PDF, 824 kB)

Tilvisingsskjema til PPT for systemsaker (PDF, 252 kB)


Kva har barnet rett til hjelp til?

Før kommunen avgjer om barnet ditt får spesialundervisning skal PPT vurdere kva som er best for barnet ditt.

Årsaka for å be om hjelp frå skulen/barnehagen/PPT kan vere mange:

  • mistanke om forseinka utvikling
  • språk- og kommunikasjonsvanskar
  • lærevanskar
  • fagvanskar
  • konsentrasjonsvanskar
  • åtferdsvanskar
  • sosiale og emosjonelle vanskar
  • funksjonshemming

Før skulen eller barnehagen ber om ei vurdering frå PPT, skal rektor/styrar alltid vurdere om det er mogleg å hjelpe barnet ditt innafor det ordinære tilbodet. Skulen skal også sjå om det hjelper med tilpassa opplæring. Dersom ingen av tiltaka hjelper barnet ditt, skal skulen/barnehagen ta kontakt med PPT.

Klage på vedtak

Du kan klage på det endelege vedtaket til rektor på skulen/barnehagestyrar . Vi har ikkje eit eige skjema for dette, så det er nok at du skriv eit brev og sender det til kommunen.

Postadresse:  Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.

Psykologisk pedagogisk teneste - PPT

PPT for Ytre Sogn og Sunnfjord er ei felles teneste for kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Solund.  Hovudkontoret ligg i Fjalerhuset i Dale.

Kontaktinformasjon

Nyttige lenker

Om du ønskjer ei rask innføring i kva spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning er, kva ord og uttrykk betyr eller kva du kan forvente av hjelp, kan du lese meir via lenkene nedanfor.