Permisjon frå undervisninga

Føresette kan søkje om permisjon for eleven sin frå den pliktige undervisninga i inntil ti dagar per år. 

  • Permisjon kan berre innvilgast når skulen vurderer at eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. 
  • Permisjon er ingen rett. Skulen må gjere ei skjønnsmessig vurdering i kvart enkelt tilfelle av om det er forsvarleg at eleven er borte frå skulen i eit kortare tidsrom.
  • Permisjon innvilga av skulen vert rekna som dokumentert fråvær. Dersom fråværet er av lengre varigheit enn det skulen har gitt permisjon for, vil fråværet reknast som udokumentert.

 

 

Forskrift om permisjon frå pliktig grunnskuleopplæring, Hyllestad kommune.