PPT - Pedagogisk psykologisk teneste

PPT for Ytre Sogn og Sunnfjord er ei felles teneste for kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Solund.  

Kva gjer PP - tenesta 

 

PP- tenesta skal: 

  • sørgje for at det blir utarbeidd lovpålagte sakkunnige vurderingar
  • støtte og hjelpe barnehagar i arbeidet med kompetanse - og organisasjonsutvikling for å tilrettelegge barnehagetilbodet for barn med særlege behov 
  • hjelpe skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å legge opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov
  • sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det

 

Du kan lese meir om PPT på utdanningsdirektoratet sine nettsider.

 

Korleis får du hjelp av PP - tenesta? 

For dei som går i barnehage eller skule ønsker vi å bli kontakta gjennom barnehagen eller skulen. Ta direkte kontakt for barn som ikkje går i barnehage.  

Dersom du vil ha ei rask innføring i kva spesialpedagogisk hjelp/individuelt tilrettelagt opplæring er, kva ord og utrykk betyr og kva du kan forvente av hjelp, sjå lenkene under:  

Udir- Veilederen  Spesialpedagogisk hjelp - for barn under opplæringspliktig alder 

Udir -Individuell tilrettelegging i grunnskulen 

 

PP-Tenesta for Ytre Sogn og Sunnfjord

 

PPT har kontor i 2. etasje i Fjalerhuset i Dale

PPT- leiar er Berit Louise Bjørnsen

Telefon: 952 55 939

E-post: berit.louise.bjornsen@fjaler.kommune

 

Postadresse:

PPT for Ytre Sogn og Sunnfjord

Dalstunet 20

6963 Dale i Sunnfjord

 

Du finn relevante dokument og meir informasjon om tenesta her, på fellessida for PPT for Ytre Sogn og Sunnfjord. 

 

Lovverk

Barnehagelova kapittel VII Spesialpedagogisk hjelp, tegnspråkopplæring m.m.

Opplæringslova kapittel 11. Tilpassa opplæring.