Følg lenkja for å lese barnehagelova.
Foreldreansvar
Som forelder er du barnet si viktigaste støtte. Du kjenner ditt eige barn best, og du kan vere til stor hjelp for barnehagen. Mistenkjer du at ditt eller andre barn ikkje har det trygt og godt i barnehagen, må du ta kontakt med barnehagen. Det er låg terskel for å snakke om dette med barnehagen.
Som forelder er du rollemodell for barnet ditt. Det er viktig at du hjelper barnet ditt til å ta inkluderande val. Måten andre barn og familiar blir snakka om heime kan vere med å påverke barnet sine relasjonar i barnehagen.
Barnehagen sitt ansvar
Barnehagen skal arbeide førebyggjande for å unngå at barn opplever krenkingar. Alle barn skal få oppleve barnehagen som ein trygg stad å vere, der barna får oppleve å høyre til i eit fellesskap. Det er eit mål å sikre at alle barn er inkludert i barnefellesskapet. Personalet arbeidar systematisk med å fremje fellesskap og sikre at alle har nokon å vere saman med. Å arbeide førebyggjande handlar og om tilsette si relasjons-kompetanse der dei tilsette er trygge, varme og tydelege omsorgspersonar. For å fremje trivsel blir det arbeidd med tilhøyrsle og fellesskap, etablering av gode leikemiljø, tid til leik, og ein har fokus på språk og kommunikasjon.
Det er barnehagen sitt ansvar å følgje aktivitetsplikta og sikre eit samarbeid med foreldra.
Barnehagen har ei aktivitetsplikt
Alle som jobbar i barnehagen har ei plikt til å 1) følgje med på at barna har det bra og trivst. Om ein tilsett veit om, eller trur, at eit barn blir utestengt, krenka, mobba, plaga, eller på andre måtar ikkje har det bra, skal dei 2) gripe inn, 3) varsle styrar ved uro, 4) undersøkje situasjonen i samarbeid med barnet og føresette, og 5) setje inn tiltak og følgje opp/ evaluere.