Søk om barnehageplass

Du kan søkje om plass heile året, men for at barnet skal ha rett på plass frå august må det fylle 1 år innan utgangen av november inneverande år, og søkje plass innan 15.mars/ved hovudopptak.

Slik søkjer du barnehageplass

Du søkjer om barnehageplass til barnet ditt/barna dine elektronisk via lenka nedanfor.  Du må logge inn med BankID eller liknande i løysinga Visma Flyt Barnehage.

Dersom du har vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar kan du laste dei opp i søknadsportalen eller sende dei per post til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.

Søk om barnehageplass i Hyllestad barnehage

Viktig å sjekke før du søkjer:

  • Finn ut fristen for å søkje om plass
  • At du har sett opp riktig oppstartsdato
  • At du oppgir riktig namn, bustadadresse og fødselsdato til barnet
  • Vedtektene for Hyllestad barnehage

Når har barnet rett til barnehageplass?

  • Retten til barnehageplass gjeld i den kommunen barnet er busett. Søkjarar som ikkje bur i Hyllestad kommune på søknadstidspunktet, men som skal flytte til kommunen, må opplyse om dette i søknaden.  Retten gjeld barn som ikkje har barnehageplass frå før, og som søkjer før fristen.
  • Barn som fyller eitt år innan utgangen av august har rett til plass i august det året dei fyller eitt år.
  • Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november har lovfesta rett til barnehageplass den månaden dei fyller eitt år.
  • Barn som fyller eitt år i desember har rett til barnehageplass førstkomande august etter at det er fylt eitt år.
  • Eldre barn utan barnehageplass har rett til plass i august.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 15. mars for hovudopptaket det året du ønskjer plass til barnet ditt, men vi tek imot søknader gjennom heile året.

Slik takkar du ja eller nei til tildelt barnehageplass

Du takkar ja eller nei til tilbod om barnehageplass i Hyllestad kommune ved å logge inn på den digitale foreldreportalen Visma føresattportalen.

Slik gjer du det steg for steg:

  1. Gå til portalen: Visma Føresattportalen 
  2. Logg inn: Bruk den elektroniske lenka til Visma Flyt Barnehage og logg inn med BankID eller tilsvarande sikker pålogging.
  3. Finn tilbodet: Gå til oversikta over dine søknader eller meldingar inne i portalen.
  4. Svar på tilbodet: Klikk på knappen for å takke ja eller avslå tilbodet om den tildelte plassen.
  5. Motteken stadfesting: Du vil få ei digital stadfesting i systemet på at svaret ditt er registrert. 

 

Om du treng rettleiing undervegs eller opplever problem med innlogginga, kan du kontakte Hyllestad kommune eller Hyllestad barnehage ved styrar tlf 57 78 95 55.

 

Oppseiing av barnehageplassen

Oppseiing av barnehageplassen skal vere skriftleg og sendast til Hyllestad barnehage, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.  Oppseiingsfristen er ein månad, frå den datoen plassen vert sagt opp.

Det er ikkje høve til å sei opp barnehageplassen etter 1. april kvart år, ein må soleis betale for plassen ut barnehageåret.

Britt Marit Børve
Styrar Hyllestad barnehage
Telefon 57 78 95 55