Hyllestad barnehage

I Hyllestad barnehage er det godt å vere!

Barn og vaksne trivast i lag og foreldra er jamt over nøgd med barnehagen.  Dei tilsette er nær og pålogga, barna søkjer støtte og hjelp hos dei vaksne og leiken har stor plass, heiter det i rapport frå ekstern vurdering av barnehagen.

Søk barnehageplass

Opningstider

Barnehagen er open kvardagar 06.45 - 16.15.

 

For barnehageåret 2026/2027 er følgjande dagar sett opp til planlegging:

  • Fredag: 14. august 2026 
  • Fredag 6. november 2026  
  • Måndag 4. januar 2027 
  • Måndag 8. mars 2027  
  • Fredag 7. mai 2027  

 

Kontaktinformasjon

 

Avdelingar

Hyllestad kommune har ein barnehage som dekkar heile kommunen.  Barnehagen har 18 plassar for barn 0-3 år og 36 plassar for barn 2-6 år.  Barnehagen har styrar, pedagogisk leiar på kvar avdeling, barnehagelærar, fagarbeidarar, assistentar og kokk (40% stilling).  Dei tilsette har lang erfaring og mykje kompetanse frå barnehagearbeid.

Hyllestad barnehage - Klikk for stort bileteHyllestad barnehage Hyllestad kommune

Kvalitet i barnehagen

Vedtekter Hyllestad barnehage (DOCX, 881 kB)
Meir informasjon om kvalitet i barnehagen

Britt Marit Børve
Styrar Hyllestad barnehage
Telefon 57 78 95 55