Alle barn har rett til spesialpedagogisk hjelp, uavhengig av om barna går i barnehage eller ikkje.
For å få spesialpedagogisk hjelp må PPT først gjere ei sakkyndig vurdering. Foresatte kan sende ei henvisning til PP-tenesta om spesialpedagogisk hjelp, eventuelt med hjelp og rettleiing frå styrar i barnehagen eller helsesjukepleiar.
Tilrettelegging i barnehagen
Kommunen skal sikre at barn med nedsatt funksjonsevne får eit eigne individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Tilrettelegginga kan verte gitt i form av ekstra bemanning, veiledning eller organisatoriske tiltak.
Korleis får barnet ditt tilrettelegging?
For å få tilrettelegging for barn med nedsatt funksjonsevne, trenger du ikkje sakkyndig vurdering frå PP-tjenesta, men dokumentasjon fra sakkyndig instans. Sakkyndig instans kan vere faglege instansar eller personar som har hatt med barnet å gjere frå det tidspunktet funksjonsnedsettinga blei oppdaga.
Kven søkjer?
Det er barnehagen, i samarbeid med foresatte, som søkjer om tilrettelegging for barn med nedsatt funksjonsevne og innhentar dokumentasjon fra sakkyndig instans.
Det er ikkej eit krav i lova at foreldrene må søkje om tilrettelegging. Det er heller ikkje eit krav om samtykkje frå foreldrene før kommunen fattar vedtak og set i gang tiltak for å tilrettelegge barnehagetilbodet.
Dersom kommunen vurderer å sette i gang tiltak utan at foreldra har vore involvert, må kommunen førehandsvarsle foreldra om dette. Foreldra vil da få mulighet til å uttale seg i saka før det vert gjort eit vedtak.
Søk om skyss til og frå barnehagen
Om skyss er naudsynt for at barnet skal kunne motta spesialpedagogisk hjelp, har barnet rett til skyss. Barnet har også rett til naudsynt reisefølgje og tilsyn.
Foreldre som har vesentlig større byrder knytt til skyss enn andre foreldre, kan søke om skyss. Dette vil være i dei tilfella der hjelpen vert gitt langt frå heimen, eller at barnet vert transportert mellom barnehagen og ein annan stad der barnet mottek hjelpa.
Søknad kan sendast til Hyllestad kommune, Hyllestad barnehage, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllesatd. Søknader vert handsama av styrar i barnehagen.