Kommunen har etablert tverrfagleg og tverretatleg samarbeid mellom barnehage, skule, helsetenesta, PPT og barnevern som saman bidreg til å støtte opp om gode oppvekstvilkår for alle. Kunnskap om barn si utvikling, helse og sosiale forhold viser at tidleg innsats har stor betydning for barn og unge sine liv i notid og framtid.
Formålet med tidleg innsats er førebygging og tidleg hjelp og støtte som styrkar vilkåra for trivsel og sunn utvikling i oppveksten. Samarbeid og samordna tenester bidreg til å identifisere og yte tidleg hjelp til utsette barn og familiar for å førebygge sosiale vanskar og uhelse.
Laget rundt barnet og familien er dei som er involvert i barna sine liv og aktivitetar, og som yter kvart sitt bidrag i ein samordna heilskap. Foreldrestøtte er eit heilt sentralt verkemiddel i arbeidet med tidleg innsats.
Samarbeid mellom etatar, fagprofesjonelle og foreldre bidreg slik til å avdekke og hjelpe og koordinere innsatsen som til saman bidreg til å meistre kvardagen og fremje ei sunn utvikling.
Foreldre, barn og unge kan ta kontakt med helsesjukepleiar, barnehagen eller skulen.
Ta kontakt med oss:
- ved behov for hjelp og oppfølging til barn og unge som opplever å ha det vanskeleg
- dersom du er uroa for eit barn eller ungdom si utvikling, trivsel og åtferd
- ved utfordringar i familie eller foreldrerolla
Ved kriser eller behov for akutt helsehjelp kontakt:
legevakt, barnevernvakt (HAFS) eller Alarmtelefon for barn og unge
Laget rundt barnet
Hyllestad kommune
Tiltaksliste
Hyllestad kommune skal ha førebyggjande tiltak som treff behova til barn, unge og familiane deira. Tiltakslista er ikkje uttømmande og vil vere i kontinuerleg endring.
Tiltaksliste - universell førebygging (PDF, 525 kB)