Barnevern

Hovudoppgåva til barneverntenesta er å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, skal få naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

Melding til barneverntenesta

Alle kan melde frå til banrevernstenesta om at eit barn eller ein ungdom kan ha det vanskeleg.  Det kan vere foreldre, vener, naboar, barnehagen, skulen eller andre som ser at ein barn treng hjelpetiltak.  Barn og ungdom kan også sjølv ta kontakt med barneverntenesta.

Offentlege instansar har plikt til å varsle barnevernet dersom dei har grunn til å tru at barnet blir utsett for grov omsorgssvikt.

Du må ikkje ha observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunne identifisere kjelda til informasjonen.  Eit rykte vert ikkje sett på som ei melding.

Slik melder du frå

Du kan ringe barneverntenesta, møte opp personleg eller nytte meldingsskjema.

Bekymringsmelding for privatpersonar

Bekymringsmelding for offentlet tilsette

Det er lov å melde anonymt.  Barneverntenesta ønskjer helst at du seier kven du er, fordi det gjev saka meir truverde og enklare å undersøkje.
 

Slik kontaktar du barnevernet

Sjå nettstaden til HAFS barnevernteneste og ulike tilbod/informasjon
Sjå nettstaden til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet