Besøksheim

Å vere besøksheim inneber å ta imot barn eller ungdom, ein eller fleire døgn per månad. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver. Besøksheim skal ikkje erstatte barnet sin heim hos biologiske foreldre, men vere ein ekstra ressurs for barnet og ei støtte til foreldra.

Kven kan bli besøksheim

  • familiar, vaksne par eller einslege med stabil livssituasjon
  • familiar som er motivert for jamnleg å ta imot eit barn eller ungdom, ev. søsken, som besøksheim
  • vaksne par eller einslege som ønskjer å samarbeide med barneverntenesta, biologiske foreldre eller fosterforeldre
  • familiar med ein aktiv kvardag, men òg familiar med meir rolege kvardagar er aktuelle

Det krevst inga formell utdanning for å vere besøksheim, men det vert lagt vekt på at du/de er personleg eigna.

Det vert stilt krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader for alle over 18 år i familien. Besøksheimen vil få oppfølging, løn og utgiftsdekning av barneverntenesta etter gjeldande KS-satsar.

Korleis bli besøksheim?

Om du har lyst å bli besøksheim kan du ta kontakt med HAFS barnevernteneste.