Prisar og faktura frå Hyllestad kommune

Sjå fakturaene dine frå Hyllestad kommune

Logg inn med ID-porten for å få oversikt over fakturaer du har fått frå Hyllestad kommune
 

Forfallsdato på fakturaer

  • Kommunale eigedomsgebyr og eigedomsskatt vert fakturert fire gangar i året, mars, juni, september og desember, med forfall den 20.
  • Barnehage og sfo vert fakturert kvar månad, med forfall den 20.
  • Helse- og omsorgstenester vert fakturert kvar månad, med forfall den 20.
  • Kulturskuletenester vert fakturert to gangar per år, i juni og desember, med forfall den 20.

eFaktura

Hyllestad kommune tilbyr å betale fakturaene med eFaktura.

Du kan bruke tilsendt faktura og opprette eFaktura i nettbanken.  Fakturaen vert registrert med eFakturareferanse.  eFakturareferansen er dei åtte første siffera i KID-nummeret på fakturaen.

Du kan sjølv endre beløp og forfallsdato før du godkjenner ein faktura med kun eit klikk.  I nettbanken har du full kontroll over betalte og ubetalte fakturaer, uansett kor i verda du befinn deg.

AvtaleGiro

Hyllestad kommune tilbyr Avtalegiro, og du kan kombinere eFaktura og AvtaleGiro for betaling av fakturaer.

Fakturaen vert då trekt frå kontoen din automatisk på forfallsdato.

Treng du betalingsutsetting eller dele opp fakturaene dine?

Du kan søkje om betalingsutsetting for ein faktura.  Ver merksam på at forseinkingsrenter vil gjelde frå opprinneleg forfallsdato.  Ta kontakt med økonomiavdelinga om dette er aktuelt.

Betalingssatsar på kommunale tenester

Prisliste 2026 - Hyllestad kommune (PDF, 243 kB)

Utdrag frå prislista:

Kommunale avgifter og betalingssatsar 2026
Utdrag av prislista:Pris per månad
Barnehageplass, 100 %700
Barnehageplass, 60 %420
SFO - enkeltdagar220 per dag
SFO - enkelttimar70 per time
SFO - heil plass 8-13 timar/v 1.-3. klasse1 940
SFO - halv plass 6-7 timar/v 4. klasse1 335
Husleige Ytre Bøvegen 297 000
Husleige Ytre Bøvegen 255965
Husleige Nedre Heggebøen 30, 32, 34 og 366 250
Husleige Myklebustlia 2011 800
Husleige Myklebustlia 12 og 149 600
Husleige Myklebustlia 7 og 96 985
Husleige Nedre Heggebøen 2 og 49 050
Husleige Nedre Heggebøen 10 og 1210 750
Husleige Soltun, Sørbøvåg (inkl straum)11 000
Husleige Bøkly, Sørbøvåg6 350
Husleige Bøkly 2-roms, Sørbøvåg6 550
Sørvisbustad, 3-roms9 700
Sørvisbustad, 2-roms9 050
Sørbøtunet (inkl. straum)11 000
Tryggleiksalarm300 per månad
Middag + levering113 + 42
Eigedomsskatt4 promille for bustad og fritidseigedom
Eigedomsskatt7 promille for andre, t.d. næring og ubebygde tomter
Tilknytingsavgift vatn (eingangsavgift)10 000
Tilknytingsavgift kloakk (eingangsavgift)10 000
Abonnementsgebyr vatn privat7 152 per år
Forbruksgebyr vatn privat39,10 (kr/m3)
Abonnementsgebyr kloakk privat1 711 per år
Forbruksgebyr kloakk15,13 (kr/m3)
Feie- og brannsynsgebyr529 per år
Alle prisar er oppgitt utan m.v.a.
Elin Garnes Solås
Kommunalsjef /HR-leiar
Sentraladministrasjonen
E-post
Telefon 57 78 95 04
Mobil 90 50 79 08
Ingvill Ytredal
Økonomi og personalrådgjevar
E-post
Telefon 57 78 95 08