Du er ein del av Noregs beredskap - dette bør du ha heime

Eigenberedskap handlar om å vere førebudd på å møte uventa situasjonar. Jo fleire som er i stand til å ta vare på seg sjølv og hjelpe andre ved ei hending, jo betre rusta står vi som samfunn.

Om vi blir ramma av ei stor hending eller krise er det mange som treng hjelp. Ved å vera førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Gjer enkle førebuingar heime

Det skal ikkje mykje til for at du og din familie skal kunne klare dykk sjølve i minst tre dagar.  Mykje av det du treng har du kanskje allereie.

Dette bør du ha heime:

  • Ni liter vatn per person
  • To pakkar knekkebrød per person
  • Ein pakke havregryn per person
  • Tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • Tre boksar med pålegg med lang haldbarheit per person
  • Nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
  • Medisinar du er avhengig av
  • Ved, gass eller parafinomn til oppvarming
  • Grill eller kokeapparat som går på gass
  • Stearinlys, lommelykt med batteri eller parafinlampe
  • Fyrstikker eller ligther
  • Varme klede, pledd og sovepose
  • Førstehjelpspakke
  • Batteridreve DAB-radio
  • Batteri, lada batteribank/powerbank og mobilladar til bilen
  • Våtservietter og desinfeksjonsmiddel
  • Tørke- og toalettpapir
  • Sanitetsprodukt
  • Litt kontantar
  •  

Les meir om eigenberedskap på nettsidene til sikkerhverdag.no