Hukommelseteam

Har du eller dine nære, utfordringar med å meistre små eller store oppgåver i kvardagen på grunn av forandringer i hukommelsen? 

Dersom du har symptom du trur kan handle om demens, kan teamet tilby hjelp til utgreiing i samarbeid med fastlegen din. Hukommelsesteamet består av helsepersonell med ulik fagbakgrunn, som har kompetanse på og erfaring med demens.

Medlemmar frå teamet kan komme på heimebesøk, foreslå tiltak og gje deg råd og veiledning.

 Hukommelsesteamet ynskjer å komme tidleg i kontakt med deg og dine pårørande. Vi ynskjer å tilby hjelp, slik at du kan leve livet ditt best mogleg, med utfordringar som fylgje av hukommelsesproblem og/eller demens.

Kontakt med hukommelsesteamet kan du ta utan søknad eller tilvising.

 

Kontaktinformasjon:

Vi kan kontaktast på telefon: 45 87 83 69 mandag til fredag kl. 10:00 til 14:00. 

De vil då treffe ein av oss i teamet.

Kontaktpersonar: 

  • Sjukepleiar Linda Ølmheim 
  • Sjukepleiar Lillian Holen
  • Helsefagarbeidar Eileen Sowerby Dale
  • Ergoterapeut Amalie Ness 
  • Aktivitør Ragnhild Gudmundsos

 

Dersom det er behov for å snakke med nokon utanom denne tida,  ta kontakt på vakttelefon til heimesjukepleien på telefon 91 87 58 70.