Tryggleiksalarm

Bur du åleine og har trong for å tilkalle hjelp i akutte situasjonar, har smerter eller føler deg utrygg, så kan du søkje om tryggleiksalarm.  Alarmen har du på deg heile døgnet og med den kan du enkelt tilkalle hjelp i akutte situasjonar.

Kva er ein tryggleiksalarm?

Ein tryggleiksalarm er ein alarm for å tilkalle hjelp i akutte situasjonar når som helst på døgnet. Når du trykker på alarmen, vil alarmsentralen umiddelbart ta kontakt med deg, vurdere nødvendig oppfølging og ved behov sende hjelp til deg. 

Kven kan få tilbodet?

Eldre, personar med funksjonsnedsetting og andre som kan kjenne seg utrygge ved å bu aleine. 

Korleis søke om tryggleiksalarm?

Du må søkje skriftleg om tryggleiksalarm, søknadsskjema finn du her.

Du kan og ringe Hyllestad omsorgssenter på telefon 577 89 600 og be om å få tilsendt søknadsskjema på papir.

Søknad på papir kan sendast til:
Hyllestad omsorgssenter
Åfjordvegen 903
6958 Sørbøvåg.

 

Linn Christin Fløholm
Einingsleiar omsorg
E-post
Telefon 57 78 96 05
Mobil 47 87 18 66