Vil du gå i fotspora til 71 grader Nord deltakarane, reise 1000 år tilbake i tid eller leitar du etter små, idylliske stader med fred og ro? Uansett, då er Hyllestad rette staden for deg.
TURISTINFORMASJONEN finn du på Hyllestad i Kvernsteinsparken - ope kl 10.00 - 17.00 (unnateke mandagar) i tida 17.6 – 27.aug.
Kvernsteinsparken - ei reise tilbake i tid
I dette utandørsmuseet reiser du tilbake til vikingstida og mellomalderen. Her møter du ei ukjend side ved denne tida: vikingane som handverkarar og handelsfolk.
Etter omvisinga kan du sjølv male korn, bake brød, lage klebersteinsmykke, prøve deg på oppstadveven eller kose deg ved bålet med noko godt å ete.
Guida omvising i tida 17.6.-27.8, tysdag - sundag i tida kl 10.00 - 17.00. Utanom opningstida kan du gå tur på eiga hand.
Pris vaksne kr 60,- og born kr 30,-. Kontaktinfo: Norsk kvernsteinsenter 458 71 940; post@kvernstein.no
Andre kulturminner
Kvernhusmiljøet i Skor, ca 20 km frå Hyllestad. Dette er eit unikt vassbruksmiljø med 5 kvernhus og ei vass-sag.
Minnestøtte for Harald Risnes, ved Hyllestad kyrkje. Harald Risnes var leiar for Bjørn West styrkane i Matrefjella under 2.verdskrigen.
Havørnstøtta, Risnes i Lifjorden. Støtta er til minne om dei som omkom i den første flyulukka med rutefly i Norge.
Ut på tur
I Hyllestad kommune er det milevis med merka turløyper med varierande vanskegrad.Turkart er til sals på daglegvarebutikkane, turistinformasjonen og Hyllestad folkebibliotek.
Majestetiske Lihesten er eit kjend lande- og seglingsmerke. Tar du turen frå Lekva til Gygrekjeften, går du i fotspora til 71 grader Nord deltakarane frå 2015.
Les meir om turane på www.ut.no
Den trondhjemske postvei
Start vandringa eller syklinga ved Steinbryggja i Leirvik. Postvegen går gjennom eit variert kulturlandskap med mange interessante kulturminne, td Foss bru og Kvernhusmiljøet i Skor Underlaget på postveien er av varierande kvalitet, skogsveg og grussti. Sjå www.fjordkysten.no for skildring av dei ulike trasèane.
Fisking:
Det er gode tilhøve for fiske, både i sjø og vatn.
Andre aktivitetar:
Hamneparken, Sørbøvåg: offentleg badestrand m/toalett, leikeplass, sitjegrupper, grill og sandvolleyballbane.
Hyllestad sentrum; kunstgrasbane og klatrepark
Fjordkick, Sørbøvåg, tlf 97 92 66 30; www.fjordkick.no . Sykkel –og båtutleige, kystvandring og guding, gjestehamn og pub
Ope atelier:
Atlier Holst held til på Birkeland. Opningstid blir annonsert på Facebook. Eller ta kontakt med med kunstnar Frode Holst, tlf 920 41 651
Gjestehamner: Fjordkick Marina (Sørbøvåg) og Leirvik i Sogn
Servering:
Hotel Sognefjord, Leirvik i Sogn, www.hotelsognefjord.no tlf: 577 88 920
Kafèhjørne, Hyllestad matsenter. Ope: mån-fredag: 09.00-20.00, laurdag: 09.00-18.00. Tlf: 577 88 559
Cafè Petit – sjå Krambua
Kvernsteinen Pub (Fjordkick), ope måndag-fredag: 09-20, laurdag: 09-18
Handel og service:
Leirvik i Sogn: daglegvare, frisør, blomster/gåver, Post i butikk
Hyllestad: daglegvare, bensinstasjon, kommuneadministrasjon, NAV, politi, tannlege, lege, bibliotek
Sørbøvåg: daglegvare, Post i butikk, bensinstasjon
Krambua – nytt og brukt fra Norge og Frankrike, like ved Løland bru, www.krambua.com, tlf 917 25 557
Dei fleste aktørane har Facebookside.
Overnatting:
Birkeland Camping : kontakt Mona Birkeland,mobil 97968131 eller e-post : mona.birkeland71@gmail.com.
For meir opplysningar kan de søke opp facebooksida ;Birkeland Camping
For overnattingsstader, sjå www.fjordkysten.no

Utsikt frå Hesjetinden. Lihesten til venstre.