Transporttenesta for funksjonshemma (TT-tenesta)

Transportteneste for funksjonshemma, TT-ordninga, er eit tilbod om drosjetransport til personar busett i Sogn og Fjordane som grunna varig funksjonshemming har store vanskar med å nytte ordinære kollektive transportmiddel. Transporttilbodet skal bidra til at dei skal kunne leve eit så aktivt liv som mogleg.

TT-kortet kan berre brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapi eller andre reiser som folketrygda dekkar.  Du kan lese meir om ordninga i Retningsliner for TT-ordninga i Sogn og Fjordane.

Du må fylle ut eit søknadsskjema for å bli godkjent som brukar av TT-ordninga.
Saman med søknaden må du legge ved ei legeerklæring.

Søknadsskjema TT-ordninga

Legeerklæringsskjema

 

Søknader kan sendast til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad eller på e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no

Kontakt

Kaja Bruaas

Økonomirådgjevar
Telefon : 57789511
E-post :