Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den lokale koronatelefonen 908 19 356 (ope kvardagar 08:30 - 13:30) eller nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Sosiale tenester i NAV Hyllestad

NAV Hyllestad sin kontaktinformasjon:

  • Besøksadresse:  NAV Hyllestad, bankbygget, Lifjordvegen 9, eigen inngang.
  • Ope mandag, tysdag og torsdag 10:00 - 14:00 (timeavtalar utanom opningstida)
  • Telefon:  55 55 33 33 mellom kl. 08:00 - 15:30.
  • E-post: nav.hyllestad@nav.no
  • Nettside:  www.nav.no

 

På NAV Hyllestad kan du få følgjande tenester:

  • Råd og rettleiing dersom du har vanskar med økonomi, gjeld, bustad, helse, familieforhold eller anna.
  • Økonomisk sosialhjelp til naudsynt livsopphald dersom du ikkje kan sørgje for dette gjennom arbeid eller andre inntektskjelder.
  • Mellombels bustad dersom du er i ein situasjon der du ikkje klarar å skaffe deg dette sjølv.
  • Individuell plan dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester saman med andre instansar.
  • Kvalifiseringsprogram dersom du har nedsett arbeids- og inntektsevne, og ikkje har rett til ytingar etter folketrygdlova eller arbeidsmarknadslova. 

Korleis søkje?

Du kan søkje om sosialhjelp ditigalt heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett.  For å søkje sosialhjelp digitalt, må du logge inn på "Ditt NAV" på www.nav.no med BankID eller andre sikkerheitsløysingar som Buypass eller Comfides.

Du kan ringe NAV Kontaktsenter på telefon 5555 3333 og få rettleiing over telefon.  Ønskjer du time med ein rettleiar på NAV-kontoret må du ta kontakt for avtale på førehand.  Dersom du er i ein situasjon der du treng å søkje om naudhjelp ønskjer vi at du ringer kontaktsenteret som formidlar beskjed vidare til oss.

Ring 5555 3333, taste-val 1: Sosiale tenester.

Du kan framleis levere søknad på papir, vi kan òg sende deg skjema.

 

Gjeldsrådgjeving

 

Dersom du har økonomiske problem kan du òg ringe:

> Økonomirådstelefonen i NAV - ring 800GJELD 

> Chat med NAV om økonomiske problem.

Her får du enkle råd og hjelp til sjølvhjelp. 

Det er gratis å ringe frå fasttelefon.  Ringer du frå mobiltelefon, kan vi ringe deg tilbake om du ønskjer det.

Kontakt

NAV Hyllestad

NAV Hyllestad

Bankbygget
Telefon : 55 55 33 33
E-post :