Finn viktig informasjon om:

 

Ønskjer du å hjelpe?

Ønskjer du å hjelpe, bli frivillig?

Slik melder du deg som frivillig

Hyllestad kommune førebur seg på å ta imot flyktningar, kommunestyret har gjort vedtak om å busette 45 flyktningar i år.  Det er allereie busett familiar frå Ukraina, det er forventa fleire utover våren og sommaren, både frå Ukraina og andre krigsherja land som Syria. Mange av tenestene i kommunen vert berørte og vi samarbeider no for å ruste oss til å ta imot dei som kjem.  

Vi har eit godt samarbeid med Hyllestad Røde kors, og om du ønskjer å bidra som frivillig, vil vi oppmode deg om å ta kontakt med dei for å finne ut korleis du kan bidra.  

> Kontakt Hyllestad Røde kors

Innsamling av klede, sko og leikar

Hyllestad Røde Kors organiserer klesinnsamling til flyktningar i det gamle lokalet til Reiduns Blomster i Leirvik senter.

Dei tar i mot reine, heile klede og sko til barn, kvinner og menn. Det er i tillegg ønskjeleg med barneutstyr, sportsutstyr og leikar.  Ta gjerne med kleshengarar om du har ekstra.  Det er alt kome inn ein del klede, men det er spesielt behov for barneklede, sko og leikar.

Butikken er open for levering etter avtale.  Om du har spørsmål kan du ta kontakt med flyktningkonsulent Kristin Solås på tlf. 481 05 294.

Ekstraordinære midlar til integrering av flyktningar frå Ukraina

Frivillige organisasjonar som ønskjer å bidra til inkludering og integrering av flyktningar frå Ukraina, kan no søke Integrerings- og mangfaldsdirektoratets (IMDis) tilskotsordning om midlar.

  • Søknadsfrist er 20. mai.

Les meir om ordninga og søk om tilskot på IMDi sine sider