PPT - Pedagogisk psykologisk teneste

PPT for Ytre Sogn og Sunnfjord er ei felles teneste for kommunane Askvoll, Balestrand, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Masfjorden, Solund og Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Dersom det er trong for det, kan fleire fagpersonar koplast inn for å gje fullverdig utgreiing og hjelp til eleven/barnet.

Dei tilsette i PPT har fagkunnskap i høve:

  • Pedagogisk kompetanse
  • Psykologisk kompetanse
  • Sosialfagleg kompetanse

Kva gjer PPT?

  • PPT er skulen og barnehagen sin næraste samarbeidspartnar i spørsmål som gjeld læring og trivsel for elevar og barnehageborn.
  • PPT er sakkunnig instans i dei høve der lova krev det.
  • PPT føretek utgreiingar kring fagvanskar eller andre vanskar hos barn og ungdom. Dei gjev råd til lærarar, barnehagetilsette og foreldre om høve som gjeld opplæringa.
  • PPT samarbeider nært med skular og barnehagar, og har pedagogiske drøftingar med rektor/styrar, rådgjevar, barnehagepersonell og kontaktlærarane på skulen. Dei vitjar og klassar/barnehagar.
  • PPT arbeider med einskildelevar/barn og med klassar. Det er viktig å sjå eleven/barnet i samhandling med miljøet.
  • Før PPT kan møte elevar under 15 år, må det først fyllast ut eit tilvisingsskjema med foreldra si underskrift.

 

Korleis ta kontakt?

Når foreldra ønskjer kontakt med PPT er det vanlegast at dette vert ordna gjennom skulen eller barnehagen. Foreldra har òg høve til å kontakte PPT direkte, telefon 577 38 032.

 

Samarbeid med andre

PPT samarbeider med dei andre hjelpeinstansane i kommunane (helsestasjon, legane, barnevernet, fysioterapeutane), på fylkesnivå med t.d. Sentralsjukehuset (psykiatrisk poliklinikk og barneavd./ barnehabilitering) og på statleg nivå med Statleg Pedagogisk Støttesentra. PP-tenesta kan difor hjelpe deg med å kome i kontakt med desse instansane.

 

PPT kan kontaktast i høve

  • generell utvikling hos barnet
  • psykisk helse hos barnet
  • familievanskar
  • den sosiale og emosjonelle utviklinga
  • språkutviklinga
  • åtferdsvanskar
  • lærevanskar, lese- og skrivevanskar, matematikkvanskar
  • konsentrasjon- og merksemdsproblem

 

PPT-kontoret held til i 2. etasje på Fjalerhuset i Dale.  Alle som arbeider i PP-tenesta har teieplikt.

PP-tenesta er gratis for elevane og foreldra.

Publisert av Hildegunn Hatlem. Ansvarleg PPT-tenesta. Sist endra 18.09.2016 09:37 av Gjermund Flage
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

PPT kontoret

Postboks 12, 6961 Dale i Sunnfjord
Telefon : 577 38 000 og 577 38 032
E-post :
Hildegunn Hatlem

Hildegunn Hatlem

Rektor
Telefon : 577 89 554
E-post :
Natalia Nowak-Kunc

Natalia Nowak-Kunc

Styrar (permisjon til 01.08.18)
Telefon : 57 78 95 58
E-post :
 
 
Login for redigering