Hyllestad skule

Hyllestad skule ligg i kommunesenteret Hyllestad. Skulen er omgitt av vakker natur og har utsikt direkte til det vakre fjellet Lihesten.  

Kart
Hyllestad

 

 

 

 

Om skulen

Skuleåret 2017-18 har skulen ca. 150 elevar fordelt på 1.-10.trinn. Skulen er samla i eitt bygg. I nabobygget finn ein gymsal, klatrevegg og garderobar. Tidlegare hadde ein symjeundervisning i same bygg, men det er for tida stengt. No kjøper skulen halltimar i Lavik til symjeopplæringa.  

Skulen har elles eit romsleg uteareal. Bl.a. finn du ei stor idrettsbane med kunstgrasdekke, sandvolleyballbane, løpebane, klatrepark og akebakke for å nemne noko. Skuledagen startar kl. 08.50 og sluttar kl. 14.35. 

Skuleåret 2016-2017 innførde vi 30 min. fysisk aktivitet pr.dag for alle elevane. Dette vil ein halde fram med også for komande skuleår. For at fleire klassar skal få tilgjenge til meir areal for fysisk aktivitet vil ein for komande skuleår organisere det slik at barnesteget har fysisk aktivitet på eit anna tidspunkt enn ungdomstrinnet. Vi vonar det skal verte ei betre løysing for alle.  

Utsikt frå skulen sitt område.png - Klikk for stort bilete

 

Vår visjon: Gjere for å lære - saman i trivsel og tryggleik!

 

 

 

Læringsmiljø

Skulen legg vekt på å skape eit triveleg og godt læringsmiljø både inne og ute. Vi har fokus på klasseleiing, og vektlegg læring gjennom praktisk arbeid, både i, og utanfor klasserommet

Vi har også fleire alternative læringsarenaer i nærmiljøet, mest kjent er Kvernsteinsparken. For komande skuleår vil Kvernsteinsparken tilby kurs for elevane som går direkte på kompetansemål i læreplanen.  

Undersøkingar og statistikk syner at elevane sitt læringsutbytte er godt, og at trivselen ved skulen er bra.

Frå 1. august 2017 har vi fått nytt regelverk om skulemiljø (9A). Skulen skal arbeide systematisk og utan avbrot for at alle elevar skal ha det trygt og godt på skulen (gjeld òg leksehjelp og SFO).

Det er difor viktig med eit konstruktivt og godt samarbeid mellom elevar, foreldre, rådsorgan og skule. Foreldra skal ha ei aktiv rolle. Om det oppstår ei hending der ein elev kjenner seg krenkt, oppfordrar vi sterkt til tett dialog (last ned informasjonsskriv til føresette). (DOCX, 46 kB)

Skulen brukar læringsplattforma its-learning. Alle tilsette, elevar og føresette har eigne brukarnamn og passord.

Vi tilbyr leksehjelp for elevane i 6. -9. kl. to timar for veka.

Ta kontakt med skulen på tlf.nr. 57789550, evt. direkte til rektor Hildegunn Hatlem på tlf. 57789554 eller assisterande rektor Kristin Eimind på tlf. 57789553.

Sist endra 31.08.2017 av Gjermund Flage
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Hyllestad skule

6957 Hyllestad
Telefon : 577 89 550 eller 577 89 551
E-post :
Hildegunn Hatlem

Hildegunn Hatlem

Rektor
Telefon : 577 89 554
E-post :
Kristin Eimind

Kristin Eimind

Assisterande rektor
Telefon : 577 89 553
E-post :
 
 
Login for redigering