Om skulen
Skuleåret 2017-18 har skulen ca. 150 elevar fordelt på 1.-10.trinn. Skulen er samla i eitt bygg. I nabobygget finn ein gymsal, klatrevegg og garderobar. Tidlegare hadde ein symjeundervisning i same bygg, men det er for tida stengt. No kjøper skulen halltimar i Lavik til symjeopplæringa.
Skulen har elles eit romsleg uteareal. Bl.a. finn du ei stor idrettsbane med kunstgrasdekke, sandvolleyballbane, løpebane, klatrepark og akebakke for å nemne noko. Skuledagen startar kl. 08.50 og sluttar kl. 14.35.
Skuleåret 2016-2017 innførde vi 30 min. fysisk aktivitet pr.dag for alle elevane. Dette vil ein halde fram med også for komande skuleår. For at fleire klassar skal få tilgjenge til meir areal for fysisk aktivitet vil ein for komande skuleår organisere det slik at barnesteget har fysisk aktivitet på eit anna tidspunkt enn ungdomstrinnet. Vi vonar det skal verte ei betre løysing for alle.
Vår visjon: Gjere for å lære - saman i trivsel og tryggleik!
Læringsmiljø
Skulen legg vekt på å skape eit triveleg og godt læringsmiljø både inne og ute. Vi har fokus på klasseleiing, og vektlegg læring gjennom praktisk arbeid, både i, og utanfor klasserommet
Vi har også fleire alternative læringsarenaer i nærmiljøet, mest kjent er Kvernsteinsparken. For komande skuleår vil Kvernsteinsparken tilby kurs for elevane som går direkte på kompetansemål i læreplanen.
Undersøkingar og statistikk syner at elevane sitt læringsutbytte er godt, og at trivselen ved skulen er bra.
Frå 1. august 2017 har vi fått nytt regelverk om skulemiljø (9A). Skulen skal arbeide systematisk og utan avbrot for at alle elevar skal ha det trygt og godt på skulen (gjeld òg leksehjelp og SFO).
Det er difor viktig med eit konstruktivt og godt samarbeid mellom elevar, foreldre, rådsorgan og skule. Foreldra skal ha ei aktiv rolle. Om det oppstår ei hending der ein elev kjenner seg krenkt, oppfordrar vi sterkt til tett dialog (last ned informasjonsskriv til føresette). (DOCX, 46 kB)
Skulen brukar læringsplattforma its-learning. Alle tilsette, elevar og føresette har eigne brukarnamn og passord.
Vi tilbyr leksehjelp for elevane i 6. -9. kl. to timar for veka.
Ta kontakt med skulen på tlf.nr. 57789550, evt. direkte til rektor Hildegunn Hatlem på tlf. 57789554 eller assisterande rektor Kristin Eimind på tlf. 57789553.