Barnevern

HAFS interkommunale barnevernteneste har ansvar for barneverntenester i kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund.

Hovudkontoret ligg i Fjaler kommune, i Fjalerhuset i Dale. 

 

carehands - Klikk for stort bilete

Barneverntenesta si målgruppe er born og unge i alderen 0 til 18 år og familiane deira.
Når ungdommen samtykkjer kan tiltak som er sett i verk før fylte 18 år, oppretthaldast eller erstattast inntil ungdomen fyller 23 år.

For meir informasjon, sjå barneverntenesta sin informasjon hjå Fjaler kommune

Melding til barneverntenesta
Offentlege tilsette skal, av eige tiltak, utan hinder av teieplikta, gje opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at barn lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling.
Offentleg tilsette må sende skriftleg melding til barneverntenesta.  I nokre tilfelle vil det òg vere aktuelt med ein søknad om tiltak.  Private, t.d. familie, vener og naboar, kan òg melde bekymring til barneverntenesta.

> Skjema for melding til barnevernet (PDF, 42 kB)

Barnevernet skal snarast, og seinast innan ei veke, gjennomgå innkomne meldingar og vurdere om meldinga skal følgjast opp med undersøkingar.  Undersøking skal starte opp dersom det er rimeleg grunn til å tru at det er behov for hjelpetiltak.  Meldinga skal leggast vekk dersom den er klart grunnlaus og/eller dersom vilkåra i lova ikkje er oppfylte.

Ved krise - her kan du ringe
Det er felles vaktordning for kommunane Førde, Gaular, Jølster, Naustdal, Flora, Bremanger, Vågsøy, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund.

Vaktordning for barnevern utanom kontortid, telefon 474 57 272

I krisesituasjonar kan du òg ringe politiet på telefon 02800 eller alarmtelefon for barn og unge 116 111 (gratis).  Dette er ein nødtelefon for barn og unge, og alle telefonar vert svara på av voksne som har lang erfaring i å hjelpe barn og unge.

 

Kontaktinformasjon:

HAFS interkommunale barnevernteneste
Postboks 54
6961 Dale i Sunnfjord
Telefon  sentralbord 57 73 80 30