Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den lokale koronatelefonen 908 19 356 (ope kvardagar 08:30 - 13:30) eller nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Vaksenopplæring i Hyllestad

Klikk for stort bilete Karlita Pava Du finn oss i kjellarlokala i kommunehuset på Hyllestad. For skuleåret 2020/2021 tilbyr vi opplæring i norsk- og samfunnsfag, samt eit førebuande kurs til ordinær VG1 innan helse- og oppvekstfag.

Første skuledag er måndag 19 august. Undervisninga blir gitt mellom kl. 09.00 og 14.30.

Du søkjer om undervisning via vår søknadsportal.

Innvandrarar som ønskjer å søkje om permanent opphaldsløyve eller norsk statsborgarskap, har rett og plikt til å gjennomføre opplæring i norsk og samfunnskunnskap med minimum 600 timar. Opplæringa er gratis for dei med rett.

For dei som ikkje har rett på gratis undervisning, har vi sett ein timesats på 40 kr. pr. time. Kostnader til læremiddel og oppmelding til prøve kjem i tillegg.

Les meir om norskopplæring på IMDI sine nettsider.

Velkommen som elev!

Kontakt

 Gjermund Flage

Gjermund Flage

Ass. kommunedirektør
Telefon : 57789546
E-post :