Hyllestad skule tilbyr skulefritidsordning (sfo)for elevar i 1.-4.kl. og born med særskilde behov på 1.-7. årssteg. Hyllestad skulefritidsordning skal legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gje barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal gjevast gode utviklingsvilkår. Oppl.lova § 13-7. Sfo har base i klasserommet til 1.kl.
Skulefritidsordninga ved Hyllestad skule er open heile året med unntak av romjul, dei tre dagane før påske og fire veker om sommaren.
SFO-leiar har pedagogisk utdanning og er ansvarleg for innhald og rutinar i tilbodet. Onsdagar vert det lagt opp til ulike aktivitetar og turar.
Søknadsfrist for hovudopptaket er 15.mars kvart år, men det er høve til å søkje heile året. Det er oppseiingstid på 1 månad.
Plassen gjeld t.o.m. 4.kl. dersom sluttdato ikkje er spesifisert.
Du finn søknadsskjema her:
Her klikkar du deg rett inn i søkjarportalen vår.
Publisert avKristin Eimind
Publisert27.04.2015 13.05
Opningstider
Måndag, tysdag, torsdag og fredag: Kl. 07.00-08.50 og 14.35-16.00. Onsdagar frå kl. 07.00-16.00.
Prisar:
Frå 01.01.2019 gjeld fylgjande gradert betalingssatsar (pr. månad):
1-7 timar pr.veke: 1185 kr (1000 kr for einsleg forsytar)
8-14 t. : 1770 kr (1550 kr for einsleg forsytar)
15--> t. : 2250 kr (1975kr for einsleg forsytar)
Merk dykk at onsdagar er opningstida 07.00-16.00, noko som utløyser halv plass 8-14 t. veke.
Det vert gitt søskenmoderasjon på 30% for barn nr. 2.
Når ein reknar ut kva plass føresette skal fakturerast for er det opningstida dei aktuelle dagane borna er påmelde ein går ut i frå.
Sommar-sfo
Sommaren 2019 tilbyr vi sommar-sfo i veke 26, 27, 32 og måndag, torsdag og fredag i veke 33.
Nytt Sfo-år startar 19.08.19.