PPT - Pedagogisk psykologisk tenestePPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord er ei felles teneste for kommunane Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Masfjorden og Solund.Kva gjer PP-tenestaPP-tenesta er sakkunnig instans i saker om spesialpedagogisk hjelp. PP-tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd lovpålagte sakkunnige vurderingar. PP-tenesta skal bistå barnehagar i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å tilretteleggje barnehagetilbodet for barn med særlege behov.PP-tenesta skal hjelpe skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. PP-tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Føremålet er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.Les meir om PP-tenesta på Utdanningsdirektoratet sine sider.Informasjon og dokumentMeir informasjon om tenesta og relevante dokument er tilgjengeleg på fellessida til PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord.