Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den lokale koronatelefonen 908 19 356 (ope kvardagar 08:30 - 13:30) eller nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Reglar for orden og åtferd ved Hyllestad skule

Skulen sin visjon:

Gjere for å lære - saman i trivsel og tryggleik!Klikk for stort bilete

Reglar for orden og åtferd ved Hyllestad skule gjeld frå 1.8.2016.  Reglane er vedtekne i Samarbeidsutvalet ved Hyllestad skule 11.8.2016.

§ 1 Heimel
Reglar for orden og åtferd er heimla i Opplæringslova § 2-9.

§ 2 Formål og rettar
Reglar for orden og åtferd har til formål å sikre elevane sine rettar til eit godt skulemiljø, jf § 9 a i Opplæringslova.

Reglane er også grunnlag for vurdering i orden og åtferd jamfør § 3-5 i føresegnene til Opplæringslova.

§ 3 Verkeområde

Reglane gjeld på skulevegen og i skuletida både på skuleområdet og på andre læringslokalitetar. Reglane gjeld også på turar og arrangement i skulen sin regi utanom vanleg skuletid.

§ 4 Plikter
Elevane ved Hyllestad skule har plikt til ut frå sine føresetnadar å følgje reglane for orden og åtferd.

§ 5 Orden
For å oppnå vurderinga god i orden må eleven ut frå sine føresetnadar:

5-1 Møte førebudd til opplæringa

a) ved å møte punktleg til timane
b) ved å møte utkvilt
c) ved å gjere førearbeid og lekser
d) ved å ha med seg naudsynte læremiddel og utstyr
e) ved å ha melding frå heimen om eleven har god grunn til ikkje å vere førebudd
f) ved å ha melding frå føresette til kontaktlærar om eleven har vore borte eller søker permisjon

5-2 Praktisere gode arbeidsvanar                       

a) ved å følgje opp arbeid som skal gjerast
b) ved å gje seg sjølv, medelevar og tilsette arbeidsro til læringsarbeid inne og ute
c) ved å følgje rutinar for rydding og orden i klasserom og fellesareal inne og ute

5-3 Syne god arbeidsinnsats

a) ved å nytte tida til læringsarbeid når det er forventa
b) ved å gjennomføre det arbeidet som er forventa i samråd med faglærar og føresette

§ 6 Åtferd
For å oppnå vurderinga god i åtferd må eleven ut frå sine føresetnadar

6-1 Opptre høfleg og syne omsyn og respekt for medelevar, lærarar og andre tilsette ved skulen

  1. ved ikkje å nytte vald
  2. ved ikkje å plage eller mobbe, også digitalt
  3. ved ikkje å bruke bannord eller uhøvisk språk
  4. ved ikkje å kaste vatn, snø, stein eller andre gjenstandar på andre
  5. ved ikkje å filme eller fotografere i skuletida, dersom ein ikkje har avtale med lærar

6-2  Ta medansvar for eit trygt og triveleg skulemiljø

  1. ved å seie i frå til vaksne om ein oppdagar plaging og mobbing
  2. ved å ta vare på eigne, medelevar og skulen sine eigendelar
  3. ved å opphalde seg ute i friminutt om ikkje anna er avtalt

6-3  Rette seg etter beskjedar frå lærarar, skuleleiing og andre tilsette på skulen

6-4 Ikkje nytte rusmiddel, snus eller tobakk på skuleområdet og på arrangement i skulen sin regi

6-5 Ikkje ha med snop, tyggis, brus eller chips utan etter avtale med lærar

6-6 Ikkje ha med farlege gjenstandar som t.d. kniv og våpen på skulen utanom etter avtale med lærar

6-7 Ikkje fuske i læringsarbeidet eller misbruke datautstyr og internett ved skulen jamfør eigne reglar

6-8 Mobiltelefonen skal ligge lydlaus i sekken, og skal ikkje nyttast i løpet av skuletida, verken i timane eller i friminutta. Unntak dersom lærar godkjenner bruk i læringsarbeidet.

6-9 Ikkje bruke private PC-ar på skulen

6-10 Ikkje forlate skulen sitt område utan avtale med lærar eller skuleleiing

 

§ 7 Konsekvensar av brot på reglane

Brot på reglane for orden og åtferd kan utløyse ulike konsekvensar:

7-1        Munnleg melding og rettleiing frå vaksne ved skulen til elev.

7-2        Ved gjentekne eller alvorleg brot munnleg/skriftleg melding og rettleiing frå   
             kontaktlærar/skuleleiing til elev/føresette.

7-3        Eleven si oppfølging av reglane for orden og åtferd er grunnlag for halvårsvurderinga i orden
             og åtferd jamfør §§ 3-5 og 3-6 i føresegnene til Opplæringslova:

 

§3-5:”Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skolen.(..).”

§3-6:” I grunnskulen skal det til og med 7. årstrinn berre givast vurdering utan karakter i orden og åtferd.

Frå 8. trinnet (…) skal vurdering i orden og åtferd givast med karakterar. I orden og åtferd skal desse karakterane nyttast:

a) God (G): vanleg god orden og vanleg god åtferd

b) Nokså god (Ng): klare avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd

c) Lite god (Lg): i ekstraordinære tilfelle ved store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd.”

 

Skulen har eit merknadssystem som elevar og føresette på barne og ungdomssteget er involvert i der tal merknader per regelbrot er vekta ut frå kor alvorleg brotet er,. På ungdomssteget vil eit visst tal merknadar i høve orden eller åtferd vil kunne gje utslag på karakteren. Elev får munnleg melding når talet på merknadar byrjar å bli høgt. Om dette held fram får elev og heim skriftleg varsel når grensa nærmar seg.

7-4        Brot på § 6-8. Det vert gitt merknad, og mobiltelefonen vert inndratt for resten av dagen. Frå og med 2.gong ein elev bryt regelen er reaksjonen som over, men i tillegg må føresette kontakte skulen før mobilen kan hentast.  

7-5        Ved hærverk/tilgrising på skulen sitt område, eller skulen sine eigendelar, skal den /dei skuldige rydde opp etter skuletid.

7-6        I grove tilfelle av brot på reglane for orden og åtferd kan elevar bli bortvist av rektor frå læringsarbeidet. Elevar frå 1.-7. steg kan bli bortvist frå resten av timen eller frå resten av dagen. Elevar på 8.-10. steg kan i tillegg bli bortvist i 1 til 3 dagar. Eleven skal alltid få forklare seg munnleg før slikt vedtak blir vurdert. For elevar i 1.-7. klasse vert føresette varsla før eventuell bortvising for resten av dagen. 

7-7        Særleg grove hendingar med hærverk, mobbing, vald eller rasistiske utsegn kan verte melde til politiet ved ordføraren.