Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider. Bestilling av koronavaksine

 

Eksamen og standpunkt

Skriftleg eksamen for våren-21 er avlyst. Under finn de anna relevant informasjon om eksamen og standpunkt. Sist i artikkelen viser ein til viktige datoar våren-21. 

Standpunktkarakterar vert sett ut frå kompetansemåla i gjeldande læreplanverk. Karakterskalaen går frå ein til seks, der seks er beste karakter. Elevane får talkarakterar i alle fag unntatt utdanningsval, der får elevane deltatt/ikkje-deltatt.

Elevane vert vurdert ut frå det som har vore pensum i år og eventuelt tidlegare år dersom heile hovudområder i faga er gjennomgått tidlegare. Dette gjeld fag som samfunnsfag, krle og naturfag.
Elevane har fått vurderingskriterier av faglærarar før dei skal målast slik at dei veit kva dei blir vurderte på. 

Standpunktkarakterane vert delt ut TYSDAG 1. JUNI. Fastsetting av standpunktkarakterar er rekna som eit enkeltvedtak. Dersom ein meiner at det har skjedd feil i karaktersettinga skal eleven straks ta kontakt med faglærar. Ein kan ha krav på å få ei forklaring for karakteren som er sett. Spørsmålet bør vere skriftleg. Om ein, etter forklaring, framleis meiner at det har skjedd ein feil har eleven/føresette 10 dagar på seg til å formulere ei eventuell skriftleg klage på karakteren.

Ein kan kan klage på alle standpunktkarakterar, inkludert karakterane i orden og åtferd. Dette skal skje skriftleg til rektor seinast i løpet av FREDAG 11. JUNI. Rektor sender klagen til Fylkesmannen i Vestland. Alt dette skal skje innanfor 10 dagar, med innlagt stopp for vurderinga frå faglærar. Fylkesmannen gjev normalt svar på klaga i løpet av sommarferien, så tidleg som mogleg. Fylkesmannen gjev berre svar på om vurderinga til faglærar er etter lover og forskrifter, ikkje om karakteren er korrekt i forhold til eleven sitt nivå. Dersom det er tvil om at gjeldande reglar for karaktersetting er følgt, opphever Fylkesmannen vedtaket om standpunktkarakteren og sender saka tilbake til skulen for ny vurdering. Rektor og faglærar føretek ei ny vurdering, og rektor set endeleg karakter. Det kan altså skje at Fylkesmannen gjev medhald i klaga, men at rektor likevel opprettheld karakteren som faglærar har sett. Endeleg karakter kan ikkje klagast på. Ein må vere klar over at karakteren kan settast ned av rektor etter ei klage.

Endeleg vitnemål blir delt ut i ein formell avslutningsseremoni. Kvar og korleis dette blir er avhengig av smittesituasjonen i juni 2021. Skulen sender ut eigen invitasjon til dette.


Informasjon om skriftleg eksamen

Skriftleg eksamen blir gjennomført i eit av faga norsk, matematikk eller engelsk. I norsk er det to eksamensdagar, ein for sidemål og ein for hovudmål. Elevar med fritak for vurdering med karakter i sidemål, skal skrive på hovudmålet sitt begge dagene. I matematikk og engelsk er det berre ein eksamensdag.
Kunngjering av kva fag ein kjem opp i til skriftleg eksamen skjer ONSDAG 12. mai kl. 09:00. Dette skjer i klasserommet til 10. kl. (AVLYST)

Eksamen i norsk hovudmål er ONSDAG 19. MAI og eksamen i norsk sidemål er TORSDAG 20. MAI. Tysdag 18. mai klokka 09:00 får ein tilgjenge til eit digitalt førebuingshefte med eit tema som føl oppgåver ein må besvare på skrivedagane. Ein må møte på skulen for å førebu seg ilag med faglærar i skuletida. I tillegg må ein også førebu seg heime.
Eksamen består av to delar, del A og del B. På del A er det ei obligatorisk oppgåve, medan det på del B skal velgast ei oppgåve mellom fleire langsvarsoppgåver.

Eksamen i engelsk er FREDAG 21. MAI. Torsdag 20. mai kl. 09:00 får elevane tilgjenge til eit digitalt førebuingshefte med eit tema som føl oppgåvene på eksamensdagen. Elevane må møte på skulen for å førebu seg saman med faglærar i skuletiden. I tillegg må ein førebu seg heime. Eksamen består av tre delar. Del 1 dreiar seg om tekstforståing, del to er om førebuing til eksamen og kortsvarsoppgåver til dette. Del 3 er ein lengre tekst etter gitte oppgåver (langsvarsoppgåve).

Eksamen i matematikk er TYSDAG 25. MAI. Elevane må møte på skulen for å førebu seg saman med faglærarar. I tillegg er det særs viktig at ein førebur seg grundig heime på eigahand. Elevane får testa kunnskapane sine frå alle hovudområde i faget. Eksamen er todelt; den første delen er utan hjelpemiddel og del to er med hjelpemiddel. Desse får elevane utdelt når dei leverer inn del 1. Del 1 må leverast inn før kl. er 11.00. Nokre oppgåver må gjerast ved hjelp av rekneark(Excel) og digitalt graftegneprogram (Geogebra) på PC. I faget matematikk er det ikkje noko førebuingshefte. I staden må elevane rekne oppgåver frå alle delar av pensum. Det er anbefalt at ein ser på tidlegare gitte eksamensoppgåver då desse liknar frå år til år. Matematikkgruppa får lengst tid til å førebu seg, men har kanskje også det største pensumet å førebu. Det er derfor særs viktig at ein jobbar godt i timane før eksamen!

På eksamen er alle ikkje-kommuniserbare hjelpemiddel tillete. Det betyr at elevane kan ha med seg lærebøker, kladdebøker, ordbøker, førebuingsmateriell, minnepennar osb. Elevane vert informert om kva som er nyttig og lov å ha med under eksamen. Eleven er sjølv ansvarleg for å ha med seg det utstyret han/ho treng på eksamensdagen.
I tillegg til hjelpemiddela ovanfor har også elevane tilgjenge til digitale hjelpemiddel som ikkje kommuniserar. Elevane får tilbud om minst to digitale hjelpemiddel på eksamen. 

Om ein finn at elevar har juksa, vil ein i tillegg til å miste eksamenskarakteren også miste karakteren man har til standpunkt i faget! Det er derfor svært viktig at elevane er klar over kva reglar som gjeld. Desse vil bli kunngjort for elevane i god tid før eksamen og informert om på sjølve eksamensdagen. Spør dersom du er i tvil om noko!

På skriftleg eksamen i norsk og engelsk MÅ eleven gi opp kjeldene som er nytta i førebuingstida til slutt i oppgåva si. Det er viktig at ein oppgir alle kjelder ein brukar (internettsider, lærebøker, oppslagsverk, aviser osv.). Dersom ein refererer til noko utan at ein har angitt kjelder kan dette bli bedømt som fusk.
Eksamenskarakteren kjem i tillegg til standpunktkarakterar og vert rekna som ein sjølvstendig karakter.  

Eksamen varer normalt i fem timar, frå kl. 09:00 – 14:00. Oppmøte minimum ein halv time før dette. Elevar med dysleksi, pollenallergi, o.l. kan ha krav på utvida tid eller anna tilrettelegging på skriftleg eksamen. Skriftleg søknad om dette må sendast til rektor innan FREDAG 7. MAI. Ved dysleksi og andre lærevanskar er det tilstrekkeleg å vise til legeerklæringar mm. som ligg i elevmappa, medan det ved medisinske årsaker må leggast ved ei legeerklæring av nyare dato.


Informasjon om munnleg eksamen

Til munnleg eksamen kan elevane komme opp i eit av faga norsk, matematikk, engelsk, naturfag, samfunnsfag, språklig tilvalgsfag og KRLE.

Munnleg eksamen finn stad FREDAG 11. JUNI (AVLYST!). Alle elevane vil komme opp til munnleg eksamen.  
Kunngjering av kva fag dei kjem opp i til munnleg eksamen skjer TYSDAG 8. JUNI KL. 09:00. Dette skjer i klasserommet til 10.kl. Umiddelbart etter kunngjeringa går ein saman med faglærar for ein kort samtale om faget ein har komt opp i. Elevane får ikkje vite kva emne dei skal ha eksamen i på dette tidspunktet. Det betyr at elevane må bruke dagen til å førebu seg i heile faget. På sjølve eksamensdagen kan det bli stilt spørsmål frå heile pensum i faget.

Dagen etter får elevane kunngjort eit tema som dei førebur seg spesielt til. Temaet er bredt og eleven bør vise både djupnekunnskap og breddekunnskap under eksaminasjonen. Elevane vil i løpet av denne dagen få tilbod om rettleiing av faglærer. Etter rettleiinga er det viktig at eleven held fram sine individuelle førebuingar til eksamen utover ettermiddagen.

Eksamen bygger på kompetansemåla i gjeldande læreplanverk. Elevane vil få tips om kva som vert vektlagt innanfor dei ulike faga og kva som er lurt å førebu seg på. På eksamen er det ein ekstern sensor frå ein anna skule i Hafs-regionen i tillegg til faglæraren til eleven her på skulen. Det er ofte faglæraren som styrer eksamen. Sjølv om det er faglærer som styrer samtalen, er sensor meir eller mindre aktiv i eksaminasjonen, og det er sensor som har siste ord ved karakterfastsettinga. For meir informasjon om gjennomføringa av sjølve eksamen vert det vist til «Retningslinjer for lokalt gitt eksamen i Hafs». Desse retningslinjene finn de i skuleadministrasjonsprogrammet Visma Flyt Skole. Elevane har også gått gjennom dette på skulen. Dersom sensorane er ueinige eller usikre på karakteren, kan eleven kallast inn på nytt til ekstra spørsmål. Karakteren skal settast etter at kvar enkelt elev er eksaminert. 


Alle hjelpemiddel er tillete i førebuingstida til eksamen. Inne på sjølve eksamen kan elevane ha med seg sine eigne notat, konkretar og andre hjelpemiddel. Det er svært viktig å minne om at høgtlesing ikkje er eit kompetansemål og at ein derfor ikkje må ta med seg eit ferdig skrive manuskript inn til eksamen. Då vil ein bli vurdert til låg eller ingen kompetanse. I staden bør elevane ha notat i stikkordsform der ein snakkar om temaet heller enn å lese det opp. Man må vise at dette er noko ein kan og forstår. Dersom ein brukar digitale hjelpemiddel må ein også hugse på at ein nyttar korte stikkord og heller satsar på bilete og illustrasjonar. Presentasjonen ein har førebudd skal maksimalt vare i 10 min. Resten av tida, ca. 15 minutt, skal brukast til ein samtale om temaet og utdjupande spørsmål. Her vil det komme spørsmål frå det eleven har snakka om, men også frå tilstøytande tema som sensor meinar det er aktuelt å trekke inn. Det er på bakgrunn av denne samtala at karakteren vert sett.
Det er ikkje høve til å klage på karakteren som vert gitt ved munnleg eksamen. Den einaste moglegheita for å klage er dersom det har foregått brudd på reglane for gjennomføring av eksamen.
Karakteren som vert gitt til munnleg eksamen tell som ein sjølvstendig karakter på vitnemålet. Denne vert kunngjort samme dag som munnleg eksamen vert gjennomført. 

Dersom eleven blir sjuk på eksamen eller i førebuingstida, må det leggast fram legeattest. Det er ikkje tilstrekkeleg med melding frå føresette. Det vert heller ikkje gitt permisjon i eksamensperioden.

Punkta over er satt opp med utgangspunkt i Opplæringslova og forskrift til denne. Spesielt er kapittel 3 i forskrifta vektlagt.

Har de ytterlegare spørsmål til desse viktige tema må de ikkje nøle med å ta kontakt med skulen, anten med kontaktlærar eller rektor.

Rektor ynskjer alle lukke til i den viktige førebuingstida, og ikkje minst lukke til på den viktige eksamensdagen som kjem juni 2021!

 

Oppsummert tidsplan med viktige datoar:
28. april: Prøvemunnleg eksamen for 10. kl. 

7. mai: Frist for å søke om utvida tid og tilrettelegging på eksamen.

12. mai: Kunngjering av eksamensfag til skriftleg eksamen. Eksamensperioden startar. AVLYST!!

19. mai: Eksamen i norsk hovedmål med start kl. 09:00. Oppmøte seinast 08:30. Eksamenslokale er rom nr. 217. AVLYST!!

20. mai: Eksamen i norsk sidemål med start kl. 09:00. Oppmøte seinast 08:30. Eksamenslokale er rom nr. 217. AVLYST!!

21. mai: Eksamen i engelsk med start kl. 09:00. Oppmøte seinast 08:30. Eksamenslokale er rom nr. 217. AVLYST!!

25. mai: Eksamen i matematikk med start kl. 09:00. Oppmøte seinast 08:30. Eksamenslokale er rom nr. 217. AVLYST!!

1. juni: Utdeling av standpunktkarakterar. Klagefrist på karakterane er 10 dagar. Frist for å søke om fjerning av fråvær frå vitnemålet.

9. juni: Melding om fag til munnleg eksamen kl. 09:00. på rom 222. 

10. juni: Førebuingsdag til munnleg eksamen. 

11. juni: Munnleg eksamen. Vert gjennomført i ulike klasserom. Eksamen varer i 30 min. etter oppsatt tidsplan. AVLYST!!

11. juni: Klagefrist på standpunktkarakterar.

Veke 24: Avslutningsfest og utdeling av vitnemål.