Hyllestad skule

Hyllestad skule ligg i kommunesenteret Hyllestad. Skulen er omgitt av vakker natur og har utsikt direkte til det vakre fjellet Lihesten.  

 

 

 

 

Om skulen

Skuleåret 2018-19 har skulen ca. 130 elevar fordelt på 1.-10.trinn. Skulen er samla i eitt bygg. Dette skuleåret vert elevar og tilsette utan gymbygg sidan ein er i gang med å bygge fleirbrukshall der gamle gymbygget stod. Alle gledar seg til opninga som truleg vil bli i august-19. Byggeprosessen vil føre til fleire endringar for komande skuleår. Elevane har ikkje tilgjenge til garderobe som tidlegare, men ein har leigd inn dusj -og garderobebrakker som skal nyttast. Ei anna endring er at bussane kjem til å sleppe av og ta på elevane våre ved fleirbrukshuset/fotballbana. Dei vil nytte innkøyringa til butikken. Når det gjeld symjeundervisning vil den halde fram i Lavik som før. Elevar som skal på symjeopplæring vil bli bussa til Lavik om torsdagane.    

Skulen har hatt eit romsleg uteareal med bl.a. stor idrettsbane med kunstgrasdekke, sandvolleyballbane, løpebane, klatrepark og akebakke for å nemne noko. Dette område er noko insnevra no grunna bygginga av hall.

Skuledagen startar kl. 08.50 og sluttar kl. 14.35. 

Skuleåret 2016-2017 innførde vi 30 min. fysisk aktivitet pr.dag for alle elevane. Dette vil ein  stort sett halde fram med også for komande skuleår, men grunna bygging av hall og lite tilgjenge til garderobe vil det gjerast små justeringar frå dag til dag alt etter vèr. For at fleire klassar skal få tilgjenge til meir areal for fysisk aktivitet har ein gjort det slik at barnesteget har fysisk aktivitet på eit anna tidspunkt enn ungdomstrinnet.   

Utsikt frå skulen sitt område.png - Klikk for stort bilete

 

Vår visjon: Gjere for å lære - saman i trivsel og tryggleik!

 

 

 

Læringsmiljø

Skulen legg vekt på å skape eit triveleg og godt læringsmiljø både inne og ute. Vi har fokus på klasseleiing, og vektlegg vurdering for meistring gjennom praktisk arbeid, både i, og utanfor klasserommet

Vi har også fleire alternative læringsarenaer i nærmiljøet, mest kjent er Kvernsteinsparken. For komande skuleår vil Kvernsteinsparken og skulen samarbeide om å gi årets 7.kl. undervisning i parken ein halv dag for veka. Dette tilbodet vil bli starta i veke 42.   

Undersøkingar og statistikk syner at elevane sitt læringsutbytte er godt, og at trivselen ved skulen er bra.

Frå 1. august 2017 har vi fått nytt regelverk om skulemiljø (9A). Skulen skal arbeide systematisk og utan avbrot for at alle elevar skal ha det trygt og godt på skulen (gjeld òg leksehjelp og SFO).

Det er difor viktig med eit konstruktivt og godt samarbeid mellom elevar, foreldre, rådsorgan og skule. Foreldra skal ha ei aktiv rolle. Om det oppstår ei hending der ein elev kjenner seg krenkt, oppfordrar vi sterkt til tett dialog (last ned informasjonsskriv til føresette). (DOCX, 46 kB)

Skulen brukar læringsplattforma it's learning. Alle tilsette, elevar og føresette har eigne brukarnamn og passord.

Vi tilbyr leksehjelp for elevane i 6. -9. kl. to timar for veka.

Ta kontakt med skulen på tlf.nr. 57789550, evt. direkte til rektor Kristin Eimind på 57789553 eller assisterande rektor Frank Stølen på tlf. 57789554.

Kontakt

Hyllestad skule

6957 Hyllestad
Telefon : 577 89 550 eller 577 89 551
E-post :
Kristin Eimind

Kristin Eimind

Rektor
Telefon : 577 89 553
E-post :

Frank J. Stølen

Assisterande rektor
Telefon : 577 89 554
E-post :