Deler du brønn med naboen? No skal alle små vassforsyningssystem registrerast.

Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem være registrert hos Mattilsynet. Dette gjeld også dei som er små, for eksempel ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn. Meir informasjon, og lenke til registreringsskjema, finn du på www.mattilsynet.no .

Bilde frå Svartedalen i Hyllestad - Klikk for stort bilete

Registreringa kan gjerast enkelt frå mobiltelefon

Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til føremålet. I skjema registrerer du vassforsyningssystemet si plassering ved å markere stad i eit kart, og det er kun få tilleggsspørsmål som skal svarast på.

 

Mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan vi bruke denne informasjonen i vårt arbeid. Ei slik oversikt kan for eksempel vere nødvendig når kommunen legg planar for bruk av areal rundt brønnen og brønnområdet. Oversikta gjer det mogeleg for oss å vurdere hensyn til drikkevasskjeldene på eit tideleg tidspunkt.

 

Drikkevatnet skal vere trygt - ogso frå små vassforsyningssystem

I januar 2017 kom ei ny drikkevatnforskrift, som sette tydelegare krav til trygt drikkevatn ogso frå små vassforsyningssystem. kravet om at alle vassforsyningssystem skal være registrert står i drikkevannsforskriften §17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevannsforskriften §3, bokstav k. Informasjon til dei minste vassforsyningssystema gir nyttig informasjon som er spesielt for små vassforsyningssystem.

Har du spørsmål til registreringa? Ta kontakt med Mattilsynet sitt sentralbord på 22 40 00 00, og spør om å få snakke med di lokale avdeling.