Kunngjeringar

Kunngjeringar frå kommunen

Her finn du plansaker og andre kunngjeringar som vert lagt ut til offentleg ettersyn.  Vanleg utleggsperiode for t.d. plansaker er 6 veker.

Publisert 19.03.2018
Prestebustaden.png

 

Publisert 13.03.2018
hvp.jpg

Tilbod om gratis HPV-vaksine til unge kvinner i Hyllestad kommune født i 1991 og seinare. 

Publisert 10.11.2017
23432243_10155674373165490_45111151_o.jpg

Her er bilde av dei 2 jentene som var så flinke å samle inn plast /søppel. Dei hadde 7 sekker fullstappet med boss/plast. Dei plukka på Sakrisøyna, der dei måtte ut med båt. Plastposane vart innlevert i staurdalen.
Vinnarane Malin og Malene Oppedal går i 1 og 2 klasse og vant pengepremien for klassen sin på 5000 kr.

Publisert 28.06.2017
Hyllestad omsorgsenter Eiklund _

Kommunestyret vedtok 22. juni 2017 lokal forskrift om rett til opphald ved sjukeheim - kriteriar og venteliste.

> Lokal forskrift om rett til opphald ved sjukeheim kriteriar. (PDF, 64 kB)

Publisert 21.03.2017
400px-Hyllestad_komm.svg.jpg

Faktura på kommunale avgifter er på veg, forfall er 15.04.2017. I år vert dei fakturert i 4.terminar. Kommunen har innført fakturagebyr på kundar med papirfaktura. Dersom du opprettar avtalegiro, elfaktura eller du kan få faktura på epost, unngår du fakturagebyr ved neste fakturering. Efaktura og avtalegiro opprettar du sjølv i nettbanken din. Efakturareferanse er 00 + kundenummer.

Hyllestad kommune har fått nytt bankkontonummer : 3705 31 50994 

Publisert 13.02.2017
ras bremagner nett.jpg

 

 

 

 

Prosedyre:

  1. Ringa vegtrafikksentralen VTS på tlf: 175
  2. Oppgi namn / telefonnummer
  3. Angi kva veg du befinner deg på med område/kommune, vegnummer (viss du kjenner dette) og/eller stadnamn/strekning
  4. Forklar kva som er oppdraget - type hending, mengd, om det vert sett på som nødvending med maskinell bistand osv.
  5. Viss du er usikker på om du kan køyre vidare - be om råd ifrå trafikkoperatøren
  6. Viss du kan fjerne hindringa sjølv (mindre stein) kan du gjerne ta bilete først. Bilete/meldingar kan sendast Statens vegvesen på e-post til firmapost-midt@vegvesen.no

Kva skjer med meldinga di?

Dersom hendinga medførar stengt eller evt. delvis stengt veg, legger VTS straks ut melding om dette i aktuelle media samt varslar politiet. VTS varslar driftsentrepenøren for området om innkommen melding. Entrepenøren rykker ut med ressursar (mannskap/maskinar) ut ifrå skildra hending og omfang. Det foretas rydding og sikring etter vurdering på staden. Hendinga registrerast og dokumenterast i eige skjema som sendast til Statens vegvesen.

Innregistrerte hendingar dannar grunnlag for statistikk som visar kva hendingar som er skjedd, kor ofte osv. Dette dannar igjen grunnlag for vurdering av tiltaksbehov utover dei strakstiltak som utførast.

Publisert 29.12.2016
giro.png

 

 

 

 

 

Det vert innført fakturagebyr på papirfaktura med kr 50,- frå 1.1.2017. 

Publisert 22.06.2016

I samband med bussanbodet i vårt område er sørvisskyssen teken inn som del av oppdraget. Det betyr at det er Firda Billag Buss AS som organiserer sørvisskyssen frå 20.06.16. 

Publisert 15.12.2015
IMG_3900.JPG

Vil du vite meir om etablering av asylmottak i Hyllestad? 

Publisert 13.10.2015

 

Ta telefonen når 73 10 21 00 ringer

I veke 42 og 43 kan det hende telefonen din ringer, og telefonnummeret 73 10 21 00 viser på skjermen.  Då er det viktig at du svarar. 

.