Kommuneplan for Hyllestad kommune 2018 - 2030

Arbeidet med revidering av kommuneplanen starta hausten 2016. Ein starta då med å revidera den kommunale planstrategien.Den vart då endeleg vedtatt i kommunestyret 26.04.17. Våren 2017 vart det arbeida med samfunnsdelen for kommuneplanen.

Utkast til planprogram for samfunnsdelen var oppe til planforum for revidering i mars 2017, for å sikre god samhandling med Fylkesmann og Fylkeskommune. Dokumentet vart vidare behandla i formanskapet 20.04.17, der det vart vedteke å ligga samfunnsdelen ut på høyring og varsling om planoppstart. Planprogrammet til Samfunnsdelen låg ute til høyring i perioda 25.04.06 - 04.06.17.

Planprogrammet vart revidert ut ifrå dei merkandar som kom inn, og gjort klar for endeleg vedtak i kommunestyret 22.06.17.

Utkast til samfunnsdelen vart arbeida med gjennom haust og vinter 2017, før ein hadde framlegg ute på høyring våren 2018 og vedtak i kommunestyret 14.06.18. I denne perioda vart det gjennomført høyringsruner både i interne sektorar og eksternt. Den eksterne runda inviterte til samarbeid  i folkemøte og separate møte med lag og organisasjoner.