Slik søkjer du

Før du sender søknad :

Sjekk ut dette

Sjekk ut planstatus for det aktuelle området via kommunen sin kartportal, eller ta kontakt med kommunen.

Skriv ut situasjonsplan (kartutsnitt) frå kartsidene, eller ta kontakt med kommunen. Teikn inn byggetiltaket på kartet. Set på næraste avstand til vegmidte, nabogrense og anna bygning.

Bestill naboliste for varsling hos kommunen

Send ut nabovarsling til dei på nabolista, direkte overlevert eller rekommandert sending. Du kan òg sende nabovarsel på epost, men må då få stadfesting på at nabovarslel er motteke som du legg ved søknad. Få underskrift med dato på motteke varsel eller datostempel på rekommandert sending frå Posten på kvitteringsliste for nabovarsel. Skjema for nabovarsling finn du enten ved å bruke ByggSøk (elektronisk skjema) eller papirsøknad.  Nabovarsel skal innehalde nødvendig informasjon til nabo om tiltaket og legg gjerne ved fasadeteikningar og situasjonsplan. Naboar har 14 dagar frist for å komme med merknader.

Naboar skal sende eventuelle merknader til søkjar, som kan kommentere nabomerknadane før alt sendast samla til kommunen.

Vent minst 14 dagar for eventuelle nabomerknader og send søknad samla til kommunen.

Avhengig av kva du skal bygge kan det vere krav til andre vedlegg eller dokumentasjon til søknaden. Sjekk difor gjerne ut veiledning for kva du skal bygge først.

 

Byggesøknad skal innehalde:

 

Søknadsskjema (elektronisk via ByggSøk eller papirsøknad)

Gjenpart av nabovarsel

Kvitteringsliste av nabovarsel

Eventuelle nabomerknader med din kommentar

Eventuelt søknad om dispensasjon. Søknaden skal vere grunngjeven. Det skal gjerast greie for at hensikta med planen ikkje vert vesentleg sett til side og at fordelane er større enn ulempene ved ein dispensasjon.

Målsett situasjonsplan (kartutsnitt med tilaket innteikna) i målestokk 1:500 event 1:1000 for større tiltak. Det du skal bygge skal teiknast inn på kartutsnittet.

Målsette teikningar av tiltaket: plan- snitt - og fasadeteikningar påsett mål og i målestokk 1:100 eventuelt 1:50. På fasadeteikningane skal noverande og framtidig terrengnivå visast fram til nabogrensa.

Andre relevante skjema knytt til byggesak, til dømes for søknad om utsleppsløyve, ny avkøyrsle, tilkopling til offentleg vatn eller avløp, med meir, finn du under sjølvbetjening og skjema

Sende byggesøknad:

 

Papirsøknad sendast til Hyllestad kommune, 6957 HYLLESTAD

Kan og sendast på epost til postmottak@hyllestad.kommune.no

Elektronisk søknad via ByggSøk vert sendt direkte til kommunen sitt postmottak og du får ein elektronisk kvittering for motteken søknad. ByggSøk er drifta av Direktoratet for byggkvalitet, er gratis og kan brukast av alle.

Publisert av Margun Hyenes. Sist endra 17.07.2015 av Margun Hyenes
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
Artikkel (1)
 
 
Login for redigering