Kor lang tid tar det ?

 

Som hovudregel er saksbehandlingstida 3 veker for enkle tiltak utan krav til ansvarsrett, 12 veker for meir omfattande saker og dispensasjon.

Tidsfrist for saksbehandling av byggesøknad

2 veker:

  • Førehandskonferanse


3 veker:

  • Igangsettingsløyve. Tiltaket kan settast i gang dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan utgangen av fristen.
     
  • Midlertidig bruksløyve
     
  • Ferdigattest
     
  • Enkle byggetiltak der alle vilkår er oppfylt, og det ikkje ligg føre protestar frå naboar eller gjenbuarar, og det ikkje er nødvendig med uttale eller samtykkje frå anna myndigheit. Tiltaket kan settast i gang dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan utgangen av fristen.

12 veker:

  • Ordiner byggesøknad med ansvarsrett.
  • Byggesøknad som krev dispensasjon frå arealplanar
  • Dispensasjonsøknad


Frå 1. juli skal byggesøknader som krev dispensasjon frå arealplanar handsamast innan 12 veker. Overskriding av denne fristen medfører som hovudregel at det totale byggesaksgebyret vert redusert med 25 % for kvar påbyrja veke. Dette gjeld også separate søknader om dispensasjon. Fristen går ikkje mens saka eventuelt er til uttale hjå statlege og regionale styresmakter. Uttalefristen er på maks fire veker. Kommunen har også høve til å forlenge fristen.

 
Sakshandsamingstida vert rekna frå fullstendig søknad blir mottatt av kommunen. Rask behandling er avhengig av at søknaden er godt opplyst. Dersom vi må be om tilleggsdokumentasjon stoppar vår sakshandsamingstid inntil saka er komplett.

Publisert av Margun Hyenes. Sist endra 01.07.2015 av Margun Hyenes