Klage på vedtak i plan- og byggesak

Enkeltvedtak kan klagast over innan tre veker etter at du har motteke melding om vedtaket, jf Forvaltningslova § 28.

Klage må vere postlagt før klagefristen går ut.

Klage som er sett fram innan fristen, frå dei som er partar eller har rettsleg klageinteresse i saka, vert behandla av formannskapet som er underinstans i klagesaker etter Plan- og bygningslova.

Formannskapet kan:

  • endre vedtaket det er klaga over. Dette er då eit nytt enkeltvedtak med eigen klagerett

  • halde fast på vedtaket det er klaga over. Klagen går då over til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som er klageinstans for enkeltvedtak etter Plan- og bygninglova, for endeleg vedtak.

Føljande vedtak kan klagast på:

  • Vedtak i byggesak eller delingssak

  • Dispensasjonar frå plan eller plan- og bygningslova

  • Vedtak om reguleringsplan.

Du kan ikkje klage på vedtak om kommuneplan.

 

Korleis klagar du ?

Klage skal vere skrifteleg

  • må innehalde kva vedtak det vert klaga på.

  • bør vere grunngjeven.

  • bør og innehalde eventuelle andre/nye opplysninger som kan vere avgjerande for kommunen si vurdering

  • bør innehalde kva endringer ein ynskjer.

  • må vere underteikna og påført dato.

Klage skal sendast til Hyllestad kommune, 6957 HYLLESTAD

Treng du hjelp til å klage får du hjelp hos kommunen.

 

Sjølv om det er klagerett på enkeltvedtak kan tiltaket gjennomførast. Du kan søke om å få utsett igangsetting av tiltaket inntil klagefristen er gått ut eller klaga er avgjort. Kommunen avgjer om det er grunnlag for å utsette igangsetting, og denne avgjerda kan ikkje klagast på. Ta gjerne kontakt viss du har spørsmål eller treng rettleiing i samband med dette.

Kommunen tar ikkje gebyr for behandling av klager.

 

Publisert av Margun Hyenes. Sist endra 04.06.2015 av Margun Hyenes
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering