Før du søkjer

Før du lagar byggesøknad må du sjekke ut dette:

Arealplan - kva seier den om min eigedom?

Før du bygger, riv eller gjer endringar, må du i god tid sjekke ut kva planer og føresegner som gjeld for din eigedom. Det du planlegg må vere i samsvar med plan. Det vil vere avgrensingar og føringar i kommune- eller reguleringsplan for kva du kan bruke området til og kva du kan bygge. Det kan vere bestemmelsar for byggegrenser, størrelse, høgde, takvinkel og liknande. Pass på at tiltaket er innanfor desse avgrensingane.

Du får kommune- og reguleringsbestemmelsane via kartsidene til Hyllestad kommune eller ved å henvende deg til kommunen.

Dersom tiltaket ikkje er i samsvar med arealplan, kan du søkje om dispensasjon.

Korleis finne arealplan og planbestemmelsar

Ved graving: er det kablar i grunnen ?

Ved graving har du ansvar for å undersøkje om det ligg kablar i grunnen.For å bestille påvising av kablar må du bruke Geomatikk si teneste på www.gravemelding.no

Om du ikkje har brukt tenesta tidlegare må du opprette ein ny brukar. Du vil då få tilsendt brukarnamn og passord på e-post.

Kor mykje av eigedomen er bebygd frå før ?


Kor mykje du kan bygge på eigedomen din er avhengig av kva reguleringsføresegnene tillet på eigedomen og kor mykje du har bygd frå før. Ved kompliserte utrekningar vil vi tilrå at du tek kontakt med fagfolk.
Du kan finne meir om målereglane på Direktoratet for byggkvalitet sine nettsider.


Bygningen må plasserast minst 4 meter frå nabogrensa

Viss det er gitt ei byggegrense i plan for din eigedom, må du plassere heile bygningen innafor denne grensa. Er det ikkje sett noko byggegrense i plan, er hovudregelen at bygningen skal plasserast minst 4 meter frå nabogrense.
 

Unntak frå hovedregelen når:

  • Du har skriftleg samtykke (særskild nabofråsegn) frå akutell nabo.
     
  • Samla bruksareal eller bebygd areal av tiltaket er ikkje over 50 m². 

 

Skal du byggje i nærleiken av ein veg ?

 

Når du bygger skal minste avstand til vegmidten av kommune- og fylkesveg vere minst 15 meter og minst 50 meter frå midten av riks- og europaveg. Dersom du skal bygge nærare enn dette må du søke vegmynde (kommunen eller Statens Vegvesen) om dispensasjon frå avstand til veg.


Avkøyrsle

Dersom du skal etablere ny eller endre/utvide bruk av avkøyrsle frå kommuneveg eller fylkes-riksveg, må du sende inn eigen søknad om dette til vegmyndigheta ( kommunen eller Statens Vegvesen).


Dersom du skal etablere ny eller endre avkøyrsle frå kommunal veg, uavhengig av ei byggesak, må du søkje vegmynde (kommunen eller Statens vegvesen) om dette.


Løyve eller samtykke frå anna mynde


I nokre saker må du hente inn løyve eller samtykke frå andre deler av kommunen eller anna mynde.

Sjå døme der dette kan vere nødvendig


 
Graving og forureining


Dersom tiltaket medfører graving og det er mistanke om forureining i grunnen, må det gjerast grunnundersøkingar.Tiltaksplan skal sendast til kommunen for godkjenning.

Informasjon om forureina grunn

 
Riving

I tillegg til naboar må du varsle eventuelle panthavarar eller kreditorar som har pengehefte i eigedomen, før du sender inn søknad om løyve til riving.
 


Gå til Slik søker du om byggetiltak

Publisert av Margun Hyenes. Sist endra 01.07.2015 av Margun Hyenes
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
Artikkel (1)
 
 
Login for redigering