Dispensasjon frå plan

Det føreligg ein arealplan for alle eiendomane i kommunen. Dette kan vere både overordna kommuneplan og lokal reguleringsplan. Planane viser korleis eigedomen din kan brukast, og er juridisk bindande. Dersom du ønskjer å dele frå, byggje eller bruke eigedomen til noko anna enn det arealplanane legg opp til, må du difor søkje om dispensasjon eller om endring av plan.

Dersom du vil dele frå eller bygge (med enkelte unntak) innanfor 100 - meters beltet langs sjø og langs vassdrag, må det søkjast om dispensasjon frå bygge- og delingsforbodet i plan- og bygningslova § 1-8.

I 100- metersbeltet langs sjøen og langs vassdrag skal det takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv og andre allmenne interesser.

Dispensasjon er unntaket

Alle arealplanar har vore igjennom ein lang politisk prosess med overordna planlegging av området, med høve til medvirkning frå naboar og offentlege og private organisasjonar som har interesser i planen. Ein plan skal vere føreseieleg, slik at innbyggarane skal vite kva som gjeld i sitt område. Dispensasjon skal difor berre unntaksvis brukast.

 

Kommunen kan gje dispensasjon dersom:

  • føremålet med arealplanen ikkje vert vesentleg sett til sides og
  • fordelane ved å gje dispensasjon er klart større enn ulempene

 

Slik søkjer du dispensasjon:

 

Søknad om dispensasjon

 

Du kan òg skrive søknad om dispensasjon som vanleg brev om du ynskjer. Søknaden skal oppgje kva det vert søkt dispensasjon frå, og skal vere grunngjeven. Dispensasjonssøknad skal nabovarslast. Kontakt kommunen for naboliste. Søknaden skal vedleggast kartutsnitt som viser det aktuelle området, saman med kvitteringsliste for nabovarsling og opplysningar gitt i nabovarsel. Dispensasjonssøknad kan søkjast samstundes som søknad om byggjeløyve/delingsløyve.  


Krav til grunngjeving:

Søknad om dispensasjon skal gjere greie for kva forhold søkjar/tiltakshavar ser som grunn til å fråvike den aktuelle bestemmelsen i plan- og bygningslova, planen, forskrift eller vedtekt. Det bør klargjerast i kva grad omsyna bak bestemmelsen vert sett til sides, og om fordelande er klart større enn ulempene.

 

Søknad om dispensasjon plan skal politisk behandlast av formannskapet, sjå møtekalendar

 

Saksfrist:

Kommunen sin frist for å behandle dispensasjonssøknader er 12 veker.

Fristen går ikkje mens saka eventuelt er til uttale hjå statlege og regionale styresmakter. Uttalefristen er på maks fire veker. Kommunen har også høve til å forlenge fristen.

 

 

 

Kva skal du byggje ?

Publisert av Margun Hyenes. Sist endra 04.11.2016 av Margun Hyenes
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering