Omdisponering av areal

Dyrka og dyrkbar jord har eit lovfesta vern mot omdisponering.
Formålet med dette er jordvern, det vil seie å sikre matproduserande areal.
 
Dette har heimel i Jordlova av 12.05.1995 (JL), § 9  1.ledd, som lyder:
«Dyrka jord må ikkje brukast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon.
Dyrkbar jord må ikkje disponerast slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida.».
 
Som dyrka jord reknast fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.
 
Definisjonar:
 
Fulldyrka jord: 
Jordbruksareal som er dyrka til vanleg pløyedjupne (20-25 cm), kan nyttast til åkervekstar eller til eng, og som kan fornyast ved pløying.
 
Overflatedyrka jord: 
Jordbruksareal som for det meste er rydda og jamna i overflata, slik at maskinell hausting er mogleg.
 
Innmarksbeite:
Jordbruksareal som kan nyttast som beite, men som ikkje kan haustast maskinelt.
Minst 50% av arealet skal vere dekka av godkjende grasartar eller beitetålande urter.
 
Dyrkbar jord:
Areal som ikkje er fulldyrka, men som kan fulldyrkast, og som held krava til klima og jordkvalitet for
plantedyrking.
 
Det kan søkjast om løyve til omdisponering av dyrka og dyrkbar jord.
Søknaden vert behandla av kommunen v/landbruksforvaltninga.
 
I delingssaker der ein treng løyve til deling etter JL § 12, må det først gjevast omdisponeringsløyve etter JL § 9.
 
Publisert av Elin Garnes Solås. Sist endra 26.06.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering