Konsesjon og buplikt

Konsesjonsplikt
For å «erverve» (overta) fast eigedom (grunnareal med eller utan bygningar) må ein ha konsesjon (offentleg løyve), med visse unntak. «Erverv» (overtaking) omfattar kjøp, gåve og arv av eigedom, samt leige for meir enn 10 år. Konsesjonsplikta har heimel i konsesjonslova av 28.11.2003 (KL) §§ 2-3.

KL § 4 gjer unntak frå konsesjonsplikta for bebygd eigedom, ikkje over 100 dekar, der fulldyrka og overflatedyrka jord ikkje er over 35 dekar, og for visse typar ubebygde areal til utbygging.
KL § 5 gjer unntak for m.a. overtaking av eigedom innan nær familie.

Kommunen v/landbruksforvaltninga behandlar søknadar om konsesjon.

Buplikt
Buplikt kan oppstå på 2 måtar:

  • Ved konsesjonsfri overtaking etter KL § 5 får ein «lovfesta» (automatisk) personleg buplikt dersom eigedomen er bebygd og er over 100 dekar totalt eller har meir enn 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord. Ein har då 1 års frist for tilflytting, buplikta varer i 5 år,
    og eigaren må ha eigedomen som sin registrerte bustad etter Folkeregisterlova.
    At eigedomen er bebygd tyder i denne samanhengen at der er eit hus som har vore nytta som heilårsbustad, eller eit bustadhus under oppføring. Det kan ikkje søkjast fritak frå lovfesta buplikt.

Om eigedomen ved slik overtaking ikkje fyller krava til areal og bygning, er det inga buplikt.
 

  • Ved konsesjonspliktig overtaking etter KL §§ 2 og 3 er det opp til kommunen som konsesjonsmynde i kvar einskild sak om det skal setjast vilkår om buplikt eller ikkje,
    og om buplikta i så fall skal vere personleg eller upersonleg, men det skal alltid vurderast
    (KL § 11   2.ledd).
Publisert av Elin Garnes Solås. Sist endra 27.06.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering