Ord og uttrykk i eigedomsskatt

Her finn du forklaring på ein del ord og uttrykk som vert brukt i samband med eigedomsskatt:

Bruksnummer

Bruksnummer er ei nemning på eigedomen og denne tek utgangspunkt i eit gardsnummer. Eigedomar får tildelt bruksnummer av kommunen i stigande rekkefølgje etter kvart som dei vert skilt ut. Den korrekte nemninga på ein eigedom er såleis kommunenummer (knr)/gardsnummer (gnr) og bruksnummer (bnr). I tillegg kan det være festenummer (fnr) eller seksjonsnummer (snr).

Botnfrådrag

Eigedomsskatteloven gir heimel for å kunne gje bustad- og fritidseigedomar eit botnfrådrag, som eit fast kronebeløp, som vert trekt frå taksten før skatten vert berekna.

Kommunestyret skal kvart år ta stilling til bruk av botnfrådrag ved berekning av eigedomsskatt. Botnfrådraget påverkar ikkje takseringsarbeidet. Hyllestad kommune har ikkje innført botnfrådrag for inneverande år.

Festenummer

Når du har en hytte eller bustad som står på ei festetomt, betyr det at du leiger tomta av grunneigar og betaler årlig avgift til han/henne. Det er vanleg å feste bort tomter med eige bruksnummer også, fordelen (særleg for festaren) er at det ved frikjøp ikkje vert kravd noko  ny delingsforretning.

Festar

Ei festetomt er ein del av ein eigedom der det ligg føre eit leigeforhold mellom en grunneigar, og ein fester/leigetakar. Grunneigaren krevje inn e (som regel årleg) grunnleige. Leigeforholdet er fastlagt i ei festekontrakt. Festekontrakta er sikra ved tinglysing. Grunneigarar gir, om ikkje anna er avtalt, festar alle rettar som er nødvendig for det føremål festaren skal bruke tomta for. Festar er juridisk ansvarlig for eigedomen og vil derfor bli pålagd eigedomsskatten.

Fritak

Nokre eigedomar har krav på fritak etter § 5 i eigedomsskatteloven, andre eigedomar kan få fritak etter § 7. Eigedomar under § 7 må ha vedtak i kommunestyret for å bli fritatt.

Grunneigar

Grunneigar er den som er den faktiske eigar av ein grunneiegedom. Grunneigaren kan anten vere ein eller fleire privatpersonar, ein institusjon, eit firma, ein kommune, ein fylkeskommune eller staten.

Gardsnummer

Alle eigedomar har eit gardsnummer. Når det vert skilt ut underbruk av ein eigedom får den nye eigedomen same gardsnummer og eit nytt bruksnummer.

Heimelshavar

Heimelshavar er den som står oppført i grunnboka som eigar av matrikkeleining. Ein heimelshavar kan både vere ein grunneigar, ein festar eller ein seksjonseigar. Heimelshavar treng ikkje nødvendigvis vere den same som den reelle eigaren av matrikkeleininga, f.eks. dersom heimelshavaren er død, og det ikkje er gjord skifte eller overdraging ikkje har funne stad.

Klagenemnd

Klageinstansen for handsaming etter at takstane er sjekka for faktafeil og openberre feilvurderingar av sakkunnig nemnd.

Matrikkel

Matrikkelen (lat. matricula = register) er Norges offisielle register over grunneigedomar. Matrikkelen er det nye systemet som har tatt over for RiksGAB og KommuneGAB. Her ligg eigdomsinformasjon registrert for heile landet.

P-rom

Definisjon på P-rom er: Opphaldsrom i bustad, dvs. kjøkken, stove, soverom, bad, vaskerom, entré, arbeidsrom, trimrom o.l. Trapp mellom P-rom vert også som primærrom. Garasje, tekniske rom, garderobe, uinnreidd kjellarrom/loft, bodar og andre typar oppbevaringsrom vert ikkje vurdert som P-rom.

Skattesats

Kommunestyret vedtek kvart år den skattesatsen som skal nyttast ved berekning av utskriven skatt. Denne kan ligge på mellom 2-7 promille. Første året eigedomsskatt  vert utskrive må satsen vere 2 ‰. Seinare kan skatten aukast med inntil 2 ‰ årlig. Eigedomsskatten kan frå eit år til det neste settast ned til minstenivået på 2 ‰, uavhengig av kor høg den var i utgangspunktet. Kommunens noverande sats er på 7‰.

Rekningsmottakar

Kvar eigedom i kommunen har tilknytt ein rekningsmottakar for kommunale eigedomsgebyr. Ved fleire heimelshavarar til ein eigedom følgjer det av nærare avtalar med kommunen kven dette er, men eigarane står fritt til å velje kven som skal stå oppført uavhengig av rettar til eigedommen.

Sakkunnig nemnd

Denne nemnda skal vedta takstane som er foreslått av kommunen sine synfaringsmenn. Nemnda utarbeider og vedtek retningsliner for takseringsarbeidet, og er oppnemnt av kommunestyret.

Seksjonsnummer

Seksjonering vert nytta der ein eigedom består av fleire sjølvstendige eigareiningar som vert selde kvar for seg, og der det ikkje er naturlig å dele eigedomen på vanleg måte ved ei delingsforretning. Typisk bygg med fleire bueiningar i fleire etasjar,  eller blanding av forretning og bueiningar i same bygg.

Skattesats

Den sats som vert nytta når ein bereknar eigedomsskatten ut frå den fastsette eigedomsskattetaksten. Satsen vert omtalt i promille – ‰. Skatten vert berekna slik:

Eigedomsskattetakst – eventuelt botnfrådrag =
Grunnlaget for eigedomsskatt x 7 ‰.

Det første året skal skattesatsen i følgje eigedomsskatteloven vere 2 promille. Kvart år kan den aukast med inntil 2 ‰, men den kan ikkje overstige 7 ‰.

Synfaringsmenn

Dette er dei personane som skal ut og sjå på og verdivurdere eigedomane og gje takstforslag til sakkunnig nemnd. Som synfaringsmenn nyttar Hyllestad kommune eigne tilsette eller innleige av firmaet eSkatt AS.