Om eigedomsskatt i Hyllestad kommune

Eigedomskatt er ein kommunal avgift som vert skrive ut i samsvar med lov om eigedomskatt til kommunane, samt vedtekter godkjend av kommunestyret.

Eigendomskatt vart innført for alle eigendomar i Hyllestad kommune frå 2008. Skattesatsen er på 7 promille for alle skattepliktige eigedommar.

Hovudskattetaksering
Hovudskattetaksering vart utført i 2008, og den gjeld i 10 år.

Ny verdisetting
Dersom ein eigedom i tida mellom to ålmenne takseringar vert delt, når bygningar på eigedomen vert nedrevne eller øydelagde ved brann o.l, når det vert gjordt endringar på bygningar, eller når det vert oppført nye bygningar på eigedomen skal der vere ny verdisetting, dersom det er grunn til å tru at endringa minst vil svare til ei eit verde på 10.000.

Frist for omtaksering
Fristen for å kreve omtaksering er i utgangspunktet 1.november i året før skatteåret.

Om eigedomskatten
Eigedomskatten, promillesats, terminar, fritak etter eigedomskattelova § 7 og utskrivingsområde blir vedteken i kommunestyret kvart år i samband med budsjettbehandlingane.

Klage
Skatteytaren kan klage på den utskrivne eigedomsskatten. Klaga må gjevast inn skriftleg til eigedomsskattekontoret innan 6 veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen eigedomsskattelista vart utlagd eller dagen skattesetelen vart sendt i samsvar med § 14.

Klage over verdet kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidligare. Klage vert avgjort av ei nemnd som kommunestyret vel, dersom kommunen ikkje tar klagen til følgje. Medlem i formannskapet kan ikkje vere med i eigedomskattenemnder.

For meir info, sjå § 19-23 i eigedomsskattelova

Eigedomskattelova

Kunngjering
Eigedomsskatteliste med opplysningar om alle skattelagde eigedomane vert lagt ut til offentleg gjennomsyn før den 1.3. og ligg ute i minst 3 veker. Den ligg på kommunen si nettside, og i papirformat i ekspedisjonen på kommunehuset.